Direktør Helene Ingierd: - Dette skal me jobba med i 2023
Rettleiarrolla og internasjonalt samarbeid er prioriterte tema. Det kjem også fleire nye ressursar for institusjonane.
– Eit overordna mål for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er å bidra til at samfunnet har tillit til forsking. For å gjera det, er det vesentleg å snakka med mange aktørar i forskingssystemet, og å spreia kunnskap til ei større offentlegheit om dei verdiane, prinsipp og normer forskinga er tufta på.
FEK vil stadig vektleggja dialogen med forskarar og forskingsinstitusjonane for å styrkja arbeidet med forskingsetikk. Me veit at det går føre seg mykje godt arbeid ved mange institusjonar, samtidig ser me behov for rettleiing og erfaringsutveksling. Riksrevisjonens rapport (Dokument 1 (2021 – 2022)) avdekte manglar i etterlevinga til institusjonane av dei krava som blir stilte i Lov om organisering av forskingsetisk arbeid.
Våren 2023 vil FEK ferdigstilla ein rettleiar til forskingsinstitusjonane om behandlinga av sakar om mogleg ureielegheit og handteringa av andre forskingsetiske saker. Denne trur me vil vera ein god ressurs for institusjonane framover.
Me held fram arbeidet med å oppdatera opplæringsressursane våre, med fokus på artiklane i Forskingsetisk bibliotek. Denne artikkelsamlinga skal tilby ein brei inngang til forskingsetikk innan alle fag. FEK vil også publisera ein rettleiar om opplæring i forskingsetikk i 2023, som samanfattar forskingslitteraturen på feltet og som vil gi institusjonane tilrådingar om korleis opplæringa bør organiserast og gjennomførast.
Også i år arrangerer me fleire møteplassar for erfaringsutveksling og fagleg påfyll: 14. februar samlast medlemmer i dei nasjonale komiteane og utvala til Årskonferanse; 19. september arrangerer me Forskningsetisk forum for alle dei som jobbar med forskingsetikk, og i slutten av året er det duka for eit nytt Lederforum, som er mynta på leiarane ved forskingsinstitusjonane. I tillegg blir eit ope møte planlagt i samarbeid med Sikt (tidl. NSD).
Kvart år vel FEK seg ut nokre tema som komitear, utval og sekretariat jobbar saman om på tvers, tema som FEK meiner det er særleg viktig å løfta. I år er desse temaa internasjonalt samarbeid og rettleiarrolla. Temaa og problemstillingane spenner slik sett frå den globale scena, til det heilt nære og konkrete i forskarkvardagen.
Internasjonalt samarbeid i forskinga er aktualisert på mange måtar dei siste åra. Det er brei semje om at slikt samarbeid er avgjerande for å møta vår tids store utfordringar, som bevaring av biologisk mangfald eller førebygging av nye pandemiar. Samtidig er internasjonalt samarbeid under press med ein forverra global tryggingssituasjon. I eit slikt landskap er det ein reell risiko for at forskinga blir brukt som eit politisk pressmiddel, og at dei grunnleggjande normene til vitskapen om openheit og samarbeid blir sette til side. Spenningar mellom tryggleik på den eine sida, og fridommen, openheita og samarbeidet til vitskapen, på den andre sida er tematisert på den internasjonale dagsordenen, m.a. i rapporten Integrity and security in the global research ecosystem (2022), frå OECD-GSF, der eg bidrog i ei ekspertgruppe. I Noreg går føre seg mykje arbeid som set rammer for internasjonalt forskingssamarbeid framover. Her har FEK bidrege med innspel til endringar i eksportkontrollregleverket og i ei ressursgruppe som har gitt innspel til Retningslinjer for ansvarlig internasjonalt samarbeid. I 2023 vil FEK halda fram med å synleggjera problemstillingar og tilrådingar knytt til internasjonalt samarbeid, m.a. på Årskonferansen og gjennom rådgivande ressursar. FEK bidreg også på sentrale internasjonale møteplassar, mellom anna i The European Network of Research Integrity Offices (ENRIO), der eg nyleg er vald inn i styret.
Rettleiarrolla er eit anna tema FEK skal jobba spesielt med. Me veit at rettleiar kan vera avgjerande i det forskingsetiske arbeidet, som ein god rollemodell og gjennom å kunna vera den viktige personen som bidreg til bevisstgjering om forskingsetikk. Samtidig er relasjonen mellom rettleiar og student kjenneteikna av ein grunnleggjande asymmetri, som gir opphav til eigne problemstillingar. FEK ønskjer å få oversikt over organiseringa av opplæringa av rettleiarar i forskingsetikk på institusjonane, og på sikt bidra til utviklinga av ei eiga opplæring til rettleiarar.
Me tek gjerne imot innspel til arbeidet vårt. Og me håpar å sjå mange av dykk på arrangementa våre i løpet av året.
Helene Ingierd
Direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane