Meir etikk i forskingssøknader
Forskingsrådet innfører no forskingsetisk eigenevaluering i alle søknader. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) har hjelpt til i arbeidet.
Avdelingsdirektør Johannes Waage Løvhaug i Forskingsrådet fortel at kravet om forskingsetisk forklaring allereie er med i nokre av dei tematiske utlysingane deira. I løpet av 2025 er planen at det blir innført i alle utlysingar.
– Me innfører dette for å gjera tydelegare kva me forventar av refleksjon om forskingsetikk i søknadene og at dette er noko som alle må ha eit medvite forhold til når dei søkjer oss om prosjektmidlar. Til no har det vore uklart både for søkjarane og dei som evaluerer søknadene kva som er forventa med omsyn til etiske vurderingar. Me håpar at dette grepet gjer det klarare.
Den same informasjonen som blir gitt til forskarane, blir også gitt i rettleiinga til fagekspertane som vurderer søknadene, fortel Waage Løvhaug.
«Forskingsetisk hugseliste»
Forskingsrådet har i nært samarbeid med FEK utarbeidd ein «forskingsetisk hugseliste» som kan vera til hjelp for søkjarane.
– Denne kan forskarane bruka når dei skal forklara korleis etiske problem eller dilemma skal handterast i prosjekta. Det viktigaste er at søkjarane viser at dei er medvitne dei etiske utfordringane og har ein plan for korleis dei skal handterast, påpeikar Waage Løvhaug.
FEK-direktør Helene Ingierd forklarer nærare:
– Formålet med verktøyet for eigenevalueringa er å hjelpa forskarar og andre som søkjer om å identifisera dei sentrale forskingsetiske dimensjonane i eit prosjekt, og peika mot sentrale ressursar som kan rettleia dei i handteringa av desse. I 2025 skal me halda fram dialogen med Forskingsrådet om dette verktøyet.
Waage Løvhaug seier dei er svært fornøgde med samarbeidet og dialogen så langt.
– Fagkunnskapen i FEK har vore heilt avgjerande for at me har fått dette på plass. Den ekspertisen FEK representerer gjer oss trygge på at det er høg kvalitet i det me no presenterer for søkjarane våre.
Fleire har eit ansvar
Ingierd utdjupar at det det er svært positivt at Forskingsrådet no legg til rette for at det blir stilt klarare krav og forventningar til forskingsetisk refleksjon hos dei som søkjer om finansiering. Forskingsrådet speler ei heilt sentral rolle i det norske forskingssystemet, og bør ta eit medansvar for etisk og ansvarleg forsking, seier ho.
– Det er forskarane som sit i dei fagleg uavhengige komiteane våre og utarbeider dei forskingsetiske retningslinjene som må liggja til grunn for eigenevalueringa, og det er forskarane og samarbeidspartnarar som må gjera dei konkrete vurderingane rundt etikken i prosjekt. Men fleire aktørar har eit ansvar. Forskingsinstitusjonane skal sikra at forskinga skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane kan også bedast om råd i etisk krevjande prosjekt.