Webinar om forskingsetikk og internasjonalt samarbeid
25. april arrangerer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) eit ope webinar i samarbeid med Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Tema er korleis ulike forskingsetiske spørsmål i internasjonalt samarbeid kan handterast i praksis.
Påmelding finn du på nettsida til HK-dir.
Auka geopolitiske spenningar, autoritære regime på frammarsj i verda og utvikling av kunstig intelligens set forskinga og forskingsetikken på nye prøver.
Kva forskingsetiske problemstillingar møter kvar enkelt forskar, og korleis blir desse handterte i praksis? Kvifor er det viktig å sjå retningslinjene for ansvarleg internasjonalt samarbeid i samanheng med det breie ansvaret til institusjonane for forskingsetikk? Kva er gode modellar for å handtera avgjerder knytt til internasjonalt samarbeid på institusjonane?
Dette er blant spørsmåla webinaret tek opp. Helene Ingierd, direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, tek opp korleis ansvarleg samarbeid er ein del av forskingsetikken. Ann Camilla Krogh, Forskings- og innovasjonsdirektør ved Universitetet i Agder, fortel om modellar for å handtera avgjerder knytt til internasjonalt samarbeid. Heidi Østbø Haugen, professor i Kinastudier ved Universitetet i Oslo og leiar av Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), snakkar om ansvarleg forskingssamarbeid med «vanskelege» land.