Kva er gale med plagiat, og kva må gjerast?
– I forskningsetikken er dette ganske klart: Internasjonalt og nasjonalt er plagiat regnet som et av de mest alvorlige bruddene på god vitenskapelig praksis. – I forskingsetikken er dette ganske klart: Internasjonalt og nasjonalt er plagiat rekna som eit av dei mest alvorlege brota på god vitskapleg praksis.
Det skriv direktør Helene Ingierd i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane i ein kronikk i VG.
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) har mellom anna undersøkt omfanget av plagiat i RINO-undersøkinga frå 2018 (Research Integrity in Norway).
Meir om tematikken finn du i dei forskingsetiske retningslinene for samfunnsvitskap og humaniora, og for naturvitskap og teknologi. Plagiat er også tema for fleire utsegner frå det nasjonale Granskingsutvalet.
Ei nærare drøfting av mellom anna plagiatomgrepet i forskingssamanheng og god og dårleg tilvisingsskikk, finst i boka Vitenskapelig (u)redelighet (ope tilgjengeleg).
Det overordna ansvaret til forskingsinstitusjonane er beskrive i Veileder om institusjonenes ansvar for forskningsetikk.