Tryggleik tema på Leiarforum
Styresmaktene jobbar på fleire frontar for å revidera og utvikla nye rammeverk for internasjonalt forskingssamarbeid. Men korleis laga rammar for forsking som framleis legg til rette for internasjonalt samarbeid, samtidig som tryggingsomsyn blir vareteke?
I dag inviterer Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) leiarar ved forskingsinstitusjonane til Lederforum for forskingsetikk. Årets tema er internasjonalt samarbeid og tryggleik, eit tema som har fått auka aktualitet det siste året, både i Noreg og internasjonalt. I Noreg går det for tida føre seg fleire initiativ for å revidera og utvikla nye rammeverk for internasjonalt forskingssamarbeid. Tematikken gjeld grunnleggjande verdiar om akademisk fridom og openheit i forskinga, og har dermed også mange forskingsetiske implikasjonar.
– For FEK er der viktig å gjera tydeleg kva verdiar og prinsipp som står på spel, og å bidra til å laga rammer som framleis legg til rette for internasjonalt samarbeid, samtidig som tryggingsomsyn blir vareteke, seier direktør Helene Ingierd.
Del av forskingsetikken
Ein av innleiarane er Carthage Smith, leiaren for the Global Science Forum, OECD. Både Smith og Ingierd har delteke i arbeidet med rapporten Integrity and security in the global research ecosystem.
Som leiar av sekretariatet i Global Science Forum, OECD, har Smith spelt ei sentral rolle i utviklinga av rapporten. Han har lang erfaring frå arbeid med forskingsetikk, og har også jobba i skjeringspunktet mellom forsking og politikk, mellom anna i International Science Council (ICSU). Arbeidet med rapporten starta rundt utbrotet av pandemien i 2019/2020 og vart avslutta omtrent samtidig med Russlands invasjon av Ukraina. Begge desse hendingane illustrerer grunnleggjande og motstridane verdiar rapporten tek opp: Pandemien viser viktigheita av internasjonalt forskingssamarbeid for å løysa store utfordringar verdssamfunnet står overfor; medan krigen i Ukraina har bidrege til ein forverra global tryggingssituasjon, der tryggingsomsyn har vorte viktigare å vareta.
Smith skal også halda innlegg på eit frukostseminar for medlemmer i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og utval, om den same tematikken. Nokre av tilrådingane i rapporten er at tryggingsomsyn bør innlemmast i rammeverk for forskingsetikk og utgjera ein del av opplæringa på forskingsinstitusjonane. Slike tilrådingar er spesielt relevante å diskutera for komitear og utval, som utarbeider nasjonale forskingsetiske retningslinjer og hjelper institusjonane med å utvikla ressursar for opplæring i forskingsetikk.
Mange aktørar må bidra
Lederforum for forskningsetikk vart arrangert første gong i 2018. Målet med forumet er å leggja opp til erfaringsutveksling og auka forståing for forskingsetiske spørsmål hos leiarane på forskingsinstitusjonane. I år håpar Ingierd å bidra til både auka og utvida kunnskap om handtering av tryggingsspørsmål i internasjonale forskingssamarbeid.
– FEK har vore oppteken av institusjonell autonomi i handteringa av slike spørsmål. Slik autonomi føreset at institusjonane tek ansvar ved at dei har system og kompetanse på plass for å handtera utfordringane. Samtidig ser me at det er mange andre aktørar i forskingssystemet som har ei viktig rolle å spela framover for å vareta både akademisk fridom og samarbeid, og tryggleik. Det blir avgjerande å leggja opp til dialog mellom desse aktørane framover.
Les frå tidligare forum:
Akademisk frihet krever aktivt lederskap
Lederforum for forskningsetikk 2020: Fra brudd til integritet