Skjelettutvalet søkjer ny fagmedlem for perioden 2024-2027

Vil du vera med å fremja forskingsetikken i forsking på menneskelege leivningar?

Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege leivningar (Skjelettutvalet) er eit fagleg uavhengig organ knytt til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK). FEK skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende etiske normer.

Skjelettutvalet gir råd og rettleiing, i dialog med institusjonar og enkeltforskarar, i forskingsetiske spørsmål relatert til forsking på menneskelege leivningar. Utvalet gir råd i enkeltsaker, utarbeider og reviderer rettleiarar og bidreg med opplæring, undervisning og formidling på feltet.

Utvalet består av ni medlemmar med ulik fagleg kompetanse, ein lekmedlem og ein vara. For meir informasjon om samansetning, sjå mandatet til utvalet. Medlemmane representerer ikkje institusjonen dei jobbar ved, men er i utvalet basert på den faglege kompetansen sin og erfaringane sine.

Utvalet treng no ein ny fagmedlem. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse innan fagområde som bioarkeologi, etikk og vitskapshistorie. Ved utnemning av nye medlemmar blir det teke omsyn til samansetning av fagleg kompetanse i utvalet, men også til samansetning av kjønn, alder og geografisk tilhøyrsel.

Utvalet møtest 4–6 gonger i året på dagtid, og medlemmane må rekna med arbeid før og etter kvart møte. I tillegg er det forventa at medlemmane deltek på årskonferanse i FEK. Medlemmane skal utnemnast for ein periode på fire år, med moglegheit for forlenging i éin periode. Medlemmane får honorar i samsvar med satsane til staten for utvalsarbeid og får dekt reisekostnader i samband med møta.

For ytterlegare informasjon om Skjelettutvalet og FEK, sjå nettsidene våre: 

Hvem er vi og hva gjør vi?
Om Skjelettutvalget

Er du interessert i å vera medlem i Skjelettutvalet, send ein kort søknad (maks. éi side) og CV med opplysningar om deg sjølv og erfaringa di, eventuelle verv og andre relevante opplysningar innan 01.12.2023 til post@forskningsetikk.no. Merk e-post med «Søknad til Skjelettutvalet».

Har du spørsmål om vervet eller om Skjelettutvalet, ta kontakt med sekretær for utvalet, Lene Os Johannessen på e-post lene.os.johannessen@forskningsetikk.no eller telefon 419 28 851.

Personvernerklæring for søkjarar:

Når du sender ein søknad til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane vil informasjonen din lagrast for å kunna behandla søknaden din. 

Når utveljinga er gjennomført og nye medlemmer utnemnde, vil informasjonen bli sletta innan 3 mnd.

Les meir i personvernfråsegna vår.