Innspel frå De nasjonale forskningsetiske komiteene til Langtidsplan for forskning og høyere utdanning
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) viser til invitasjonen til å kome med innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning for perioden 2023–2032.
FEK består av Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM), Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT), Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (GRU) og Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege leivningar (SKJ), i tillegg til eit sekretariat. FEK skal gjennom førebyggjande arbeid og rådgiving, pluss gjennom gransking av saker om potensielt ureieleg forsking, bidra til at forsking skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer og at samfunnet har tillit til forsking.
Dette innspelet er frå alle komiteane, utvala og sekretariatet i FEK.
Innspela frå FEK kan samanfattast som følgjer:
- Forskingsetikk er ein føresetnad for kvalitet, openheit og tillit.
- Utviklingstrekk i forskinga og samfunnet krev særleg vektlegging av forskingsetikk.
- Forskingsetikk utgjer ei overordna og felles plikt i all forsking.
- Andre aktørar som deltek i forsking, derimellom sponsorar, oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar, har òg ansvar for å sikre at forskinga blir gjort i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer.
- Vern om og styrking av akademisk fridom krev tiltak i heile forskingssystemet.
- Samfunnsansvaret som forskinga har, bør kome tydeleg fram i omtalen avmogleggjerande teknologiar.
- Global rettferd bør takast med som ein vesentleg dimensjon i internasjonalt forskingssamarbeid.
- Kvalitet og openheit bør knytast eksplisitt til forskingsetikk.
- Fleire fagmiljø av framifrå kvalitet føreset ei tilsvarande satsing på forskingsetikk i utdanninga og i forskarkarrieren.
Forskingsetikk er ein føresetnad for kvalitet, openheit og tillit
FEK vil innleiingsvis framheve betydninga av forskingsetikk, tillit og akademisk fridom. Vidare vil fokus vere på det siste spørsmålet Kunnskapsdepartementet ber om innspel til: «Kva er det viktigaste som kan gjerast for å sikre høg tillit til kunnskapsbasert forsking blant folkesetnaden?». Men først har FEK nokre merknader til spørsmål 1: «Kva endringar i samfunnet (eller i bestemte sektorar) gir behov for endringar eller styrkt innsats innanfor forsking og høgare utdanning i åra som kjem?» FEK ser fleire utviklingstrekk som tilseier ein styrkt innsats for forskingsetikk i Langtidsplanen. For det første: Forskinga må i aukande grad ta inn over seg spørsmål om berekraft og føre-var-prinsippet i samband med ansvaret overfor komande generasjonar, og dette bør speglast i forståinga av samfunnsansvaret som forskarane sit med.
For det andre: Pandemien har med tyngde demonstrert betydninga av forsking og kunnskapsdeling for å løyse dei store samfunnsutfordringane vi står overfor. Samstundes har han synleggjort ein djup skepsis til forskingsbasert kunnskap blant delar av folkesetnaden. Ein skepsis som gir seg utslag i vaksinemotstand og fornekting av Covid-19 som eit reelt problem. Dei siste åra har «det post-faktuelle samfunnet» vakse fram som omgrep internasjonalt, for å skildre eit samfunn der debatten i stor grad blir styrt av kjensler og subjektive oppfatningar, snarare enn fakta. Også fagfelt som klima og fiskeriforvalting har blitt arenaer for polarisert debatt.
Polarisering og harde frontar finn ein òg internt i forskarsamfunnet, der grensa mellom meiningsmotsetnader og fagleg funderte skilnader kan vere uklar. Dette svekkjer kvaliteten på forskinga ved at ulike forskingsbidrag blir ståande i motsetnad til kvarandre i staden for i dialog. Det svekkjer betydninga og integriteten til forskinga utetter, fordi desse konfliktlinjene blir
nytta som argument for å velje ut frå eigen politiske ståstad kva forskarar ein vil høyre på. Meir overordna er det fleire som stiller seg kritiske til sjølve forskingssystemet, det vere seg politisering av forsking, søknadsordninga til Forskingsrådet eller det økonomiske insentivsystemet. Nye former for organisering og finansiering av forsking kan vere med på å forsterke denne
tendensen. Sjølv om folk generelt har høg tillit til forsking i Noreg, viser utviklingstrekk at vi ikkje kan ta tillit til forsking for gitt. Forskingsetikk er ein føresetnad for å sikre integriteten i heile forskingssystemet.
For det tredje: Den akademiske fridomen er under press på ulike måtar. FEK vil understreke betydninga av akademisk fridom, som ikkje er omtalt i Langtidsplanen. Akademisk fridom er ein føresetnad for fri, uavhengig og kritisk forsking, og inneber mellom anna at forskarar fritt kan stille spørsmål, velje metodar for forskinga si og formidle resultat offentleg. Dette er grunnleggjande for at forskarsamfunnet skal kunne regulere seg sjølv etter etiske og vitskaplege prinsipp (jf. universitets- og høgskulelova § 1–5 første ledd).
Såleis bør det framhevast i Langtidsplanen at forskingsetikk er ein føresetnad for kvalitet, openheit og tillit til forsking. Det vil vere i tråd med Horizon Europe, det største forskingsfinansierande programmet i Europa, som framhevar forskingsetikk og forskingsintegritet som ei overordna og felles plikt for framifrå forsking og samfunnsansvar. Målet med anerkjende forskingsetiske normer er nettopp å sikre at den utvikla kunnskapen er påliteleg og let seg etterprøve.
Det vil også vere i tråd med ambisjonen om open forsking, som går hand i hand med ei tilsvarande vektlegging av forskingsetikk og forskingsintegritet. Dette blei poengtert ved lanseringa av visjonen «Open Innovation, Open Science, Open to the World» i 2015. Denne er eksplisitt knytt til arbeidet med «The European Code of Conduct for Research Integrity» (2017) av ALLEA, som no er implementert i Horizon Europe. Det er viktig at Langtidsplanen speglar den internasjonale utviklinga innanfor forskingsetikk og forskingsintegritet også i arbeidet med open forsking.
FEK foreslår følgjande tillegg (i kursiv) til kapittel 1.1, andre avsnitt:
Høg kvalitet i utdanning og forsking er viktig for eit velfungerande arbeids og næringsliv og for ei framleis stabil utvikling av det norske velferdssamfunnet. Det er ein føresetnad for kvalitet, openheit og tillit at forskinga byggjer på anerkjende forskingsetiske normer.
Styrkt konkurransekraft og innovasjon
Internasjonalt samarbeid og samarbeid mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor er sentrale tema i planen, knytt til målet om styrkt konkurransekraft og innovasjon. FEK meiner det er viktig å halde fast ved samarbeid, på tvers av sektorar og land, som eit overordna mål. Ulike
former for forskingssamarbeid er essensielt for utvikling av ny kunnskap. FEK ser samstundes at forskingsetikk kan kome under press i ulike former for samarbeid. Forskingsetikklova § 5 b slår fast at alle som deltek i forsking, skal vere kjende med forskingsetiske normer. Sjølv om forskingsinstitusjonane gir opplæring i forskingsetikk til ph.d.-kandidatar, erfarer FEK at det manglar rutinar for opplæring av andre som deltek i eller utfører forsking, og som ikkje er tilsette hos forskingsinstitusjonane. Ein ambisjon om meir samarbeid med ulike offentlege og private aktørar bør følgjast opp med ei tilsvarande styrking av opplæring i, og auka medvit om,
forskingsetikk hos andre aktørar.
FEK foreslår følgjande tekst på side 58, her i kursiv:
Praksisnær forsking bør styrkast som grunnlag for planlegging og fag- og tenesteutvikling. Samstundes viser fleire førespurnader til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane at samarbeid mellom forskingsmiljø og offentlege og private aktørar kan vere forskingsetisk utfordrande. Vi må styrke kunnskapen om forskingsetikk hos alle aktørar for å sikre uavhengig
forsking, og dermed tillit til forskinga.
FEK ser også at samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser kan gjere at den akademiske fridomen kjem under press på ulike måtar (jf. Aune-utvalet, kap. 15). FEK vil trekkje fram tre moment:
For det første: FEK er kjent med fleire tilfelle der oppdragsgivar og samarbeidspartnarar prøver å endre eller stoppe kritisk forsking som kan skade eigne interesser. FEK ser at Standardavtalen for forskings- og utgreiingsoppdrag (heretter omtalt som Standardavtalen) speler ei viktig rolle når det gjeld å slå fast forskingsetiske prinsipp og normer ved oppdragsforsking og samarbeidsprosjekt, men han treng å oppdaterast på ein måte som gjer at det forskingsetiske ansvaret kjem tydelegare fram. FEK ønskjer ein dialog med KD om korleis Standardavtalen kan styrkast og brukast av alle oppdragsgivarar som hovudregel. Standardavtalen blei opphavleg utvikla av KD i nær dialog med FEK, i kjølvatnet av rapporten «Oppdragsforskning: Åpenhet, kvalitet og etterrettelighet» (FEK 2003). I den reviderte Standardavtalen frå 2012 heiter det mellom anna: «Oppdraget skal gjennomføres i overensstemmelse med anerkjente vitenskapelige og etiske prinsipper» (jf. punkt 3.1.).
For det andre: Fleire forskarar fortel at dei har blitt utsette for truslar og hets når dei har delteke i det offentlege ordskiftet (jf. studie frå ISF). Når forskarar unnlet å forske på eller uttale seg om kontroversielle tema av frykt for truslar, har vi ikkje reell akademisk fridom. Langtidsplanen bør anerkjenne at akademisk fridom i formidling av forsking er grunnleggjande for å styrke tilliten til forsking. Utgreiinga som regjeringa har gjort av akademisk ytringsfridom, vil forhåpentlegvis også kunne kaste lys over denne typen utfordringar og bidra til å finne motverkande tiltak.
For det tredje: Akademisk fridom kan kome under press ved internasjonalt samarbeid. Det er vesentleg at Noreg framleis deltek på internasjonale møteplassar for å halde fast ved og vidareutvikle forskingsetiske verdiar og prinsipp som kan gjerast gjeldande på tvers av fag, sektorar og landegrenser. Arbeidet som regjeringa har varsla med retningsliner for internasjonalt samarbeid, vil kunne bidra til å tydeleggjere dei forskingsetiske pliktene.
Forslag til tekst på side 30:
Samarbeid på tvers av institusjonar, fagmiljø og landegrenser kan føre til at kryssande interesser og ulike normsett møtast. Krava til etterrettelegheit, kvalitet og openheit i forskinga vil dermed kunne kome under press, og det kan bli vanskeleg å gjennomføre forsking i samsvar med anerkjende vitskaplege og etiske prinsipp.
Ved å erkjenne desse utfordringane knytt til akademisk fridom kan Langtidsplanen verke førebyggjande og bidra til å styrke integriteten i heile forskingssystemet.
Løyse store samfunnsutfordringar
Det andre overordna målet i Langtidsplanen er at forskinga skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.
Den forskingspolitiske orienteringa mot store samfunnsutfordringar (missions) er i hovudsak knytt til naturvitskap, teknologi og medisin, medan humaniora og samfunnsvitskap i stor grad blir redusert til støtteperspektiv. Dette er ei prioritering som har normative implikasjonar, då humanistiske og samfunnsvitskaplege fagområde har nytte og verdi også på eit sjølvstendig
grunnlag. I breiare forstand kan einsrettinga mot missions bidra til at samfunnet som heilskap får mindre tilgang på relevant grunnforsking, forstått som fri, kritisk og uavhengig forsking. Langtidsplanen bør ha ei breiare grunngiving for betydninga av både humsam-forsking og
grunnforsking.
FEK ser det vidare som vesentleg å framheve forskingsformidling som grunnleggjande for samfunnsansvaret til forskaren og for at forskinga skal kome individ, samfunn og miljø til gode. For å kunne bidra med fagleg formidling til ålmenta er det nødvendig å meistre norsk språk. Alle fag har difor eit ansvar for å oppretthalde høg kompetanse på korleis faget skal formidlast på norsk.
I kapittel 6 går vi særskilt inn på mogleggjerande og industrielle teknologiar. I innleiinga blir det peikt på at innføringa av ny teknologi bør underbyggjast av forsking der ein også ser på etiske og samfunnsmessige konsekvensar (s. 11). FEK støttar dette. Det er også positivt når det blir nemnt at utdanningane bør leggje vekt på etisk medvit (s. 63), men FEK meiner denne dimensjonen bør framhevast ytterlegare. Kunstig intelligens (KI) blir omtalt særskilt på side 67. I faktaboksen her står mellom anna: «Forskningen innenfor KI utvikler seg raskt og kan få store konsekvenser for samfunnet».
FEK er samd i dette, men meiner at det i skildringa av KI, og mogleggjerande teknologiar generelt, er vesentleg å anerkjenne også to andre grunnleggjande trekk knytt til potensielle konsekvensar av teknologien.
For det første kan utviklinga av ny teknologi, som til dømes kunstig intelligens, få store og til dels uoversiktlege konsekvensar for individ, samfunn og miljø. Robotar kan mellom anna påverke autonomien vår, relasjonane våre og sjølvkjensla vår. Robotomsorg og robotassistert pleie kan redusere den menneskelege kontakten, personvernet og den personlege fridomen. Dersom utviklinga av ny teknologi verkeleg skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar – i tråd med måla i Langtidsplanen – og ikkje forårsake nye uoverkomelege utfordringar, er det essensielt at etiske dimensjonar blir reflekterte i forskingsprosessen heilt frå planleggingsfasen, gjennom ethics by design, eller innebygd etikk. Dette krev kompetanse om forskingsetikk i sjølve forskarmiljøa, hos dei forskingsfinansierande instansane og hos dei som nyttar teknologien.
For det andre vil det i vurderinga av nytte og risiko ved moglege konsekvensar vere vesentleg med brei deltaking. Forskingsetikken legg vekt på at når forsking og teknologiutvikling har store samfunnskonsekvensar, er det avgjerande å gi rom for ein brei debatt om risikoar og moglegheiter. Kva risikoar og moglegheiter ved teknologien som blir lagt vekt på, kan avhenge av verdiane og interessene ein legg til grunn. Til dømes kan overvakingssystem som er baserte på kunstig intelligens, bli oppfatta både som eit mogleg gode og som ein risiko. I eit forsvars- og
sikkerheitsperspektiv kan overvaking hindre kriminalitet og åtvare samfunnet mot moglege farar, men ut frå ein ståstad som legg vekt på personvern, kan ei slik overvaking også sjåast som ein trussel mot integriteten til enkeltpersonar. Styresmakter og forskingsinstitusjonar bør difor leggje til rette for brei involvering av innbyggjarane i diskusjonar om kunstig intelligens. Aktuelle spørsmål er: Kva er formålet med forskingsinnsatsen? Kva avgjerder meiner vi at maskiner skal kunne ta? Og kva verdiar skal vi byggje inn i maskinene?
Forslag til tekst side 67, her i kursiv:
KI-forsking aktualiserer samstundes ei rekkje forskingsetiske utfordringar og aukar behovet for forskingsetisk kompetanse hos heile økosystemet i forskinga, dvs. oppdragsgivarar, sponsorar og forskingsmiljøa sjølve. Styresmakter og forskingsinstitusjonar bør leggje til rette for brei involvering av innbyggjarane i diskusjonar om kunstig intelligens. Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi har kome med eit forskingsetisk ankepunkt mot kunstig intelligens (https://www.forskingsetikk.no/ressurser/publikasjoner/forskingsetisk-betenking-om-kunstig-intelligens/).
Noreg kan ikkje løyse dei globale utfordringane utan internasjonalt forskingssamarbeid. FEK meiner det er vesentleg å anerkjenne at framifrå forsking ikkje nødvendigvis er forsking som fremjar global rettferd – det må særlege tiltak til. Global rettferd handlar mellom anna om at forskingsinstitusjonane og forskarane har eit ansvar for at relevant kunnskap blir formidla til regionar som elles blir utelatne på grunn av økonomisk ulikskap, og at forskinga skal ha lokal relevans og nytteverdi. Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag har utvikla ein Forskingsetisk rettleiar for medisinsk og helsefagleg forsking i låg- og
mellominntektsland (www.forskningsetikk.no/retningslinjer/med-helse/medisinsk--og-helsefaglig-forskning-i-lav--og-mellominntektsland/), der det blir gitt ei rekkje tilrådingar. Det er positivt at regjeringa no vil utarbeide retningsliner for internasjonalt forskingssamarbeid, og FEK hjelper gjerne til med dette arbeidet for å sikre at forskingsetiske prinsipp blir inkluderte.
Utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet
Eit tredje overordna mål i Langtidsplanen er å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.
FEK ønskjer i det følgjande å utdjupe korleis Langtidsplanen bør framheve forskingsetikk som ein føresetnad for kvalitet – dels ved å tydeleggjere sentrale omgrep som «kvalitet» og «openheit», og dels ved å utdjupe betydninga av opplæring i forskingsetikk som ein føresetnad for kvalitet – og
som ein kontinuerleg prosess som omfattar alle som «deltar i eller utfører forskningen» (Forskingsetikklova § 5b).
Langtidsplanen gir inntrykk av at kvalitet først og fremst er knytt til kvantitative mål (s. 27–28). FEK meiner dette er uheldig og gir ei einsidig vektlegging av kvantitative mål, som til dømes tal på publikasjonar og tilvisingar. Sjølv om slike mål kan indikere kvalitet, er det på ingen måte snakk om ein tvingande samanheng. På bakgrunn av denne erkjenninga har det dei siste åra blitt utvikla andre indikatorar for bibliometri og evaluering (jf. DORA, Leiden Manifesto, the Metric Tide Report). FEK ser det som viktig at Langtidsplanen reflekterer denne utviklinga og eksplisitt anerkjenner faglege og kvalitative mål, til dømes gjennom uavhengige vurderingar av prosjektsøknader og vitskaplege arbeid. Meir overordna vil FEK oppmode departementet til å gjennomføre ei heilskapleg evaluering av insentivsystemet for vitskapleg publisering, der også utilsikta og uønskte konsekvensar blir gått inn på.
Openheit i forsking og utdanning blir omtalt særskilt på side 31. FEK støttar det overordna målet om å leggje til rette for openheit i forsking. Openheit er viktig for å sikre kvalitet, tillit til forskinga og at forskinga kjem individ og samfunn til gode. FEK ser med uro at negative forskingsfunn blir haldne tilbake. Dette kan føre til skeive resultat og fordreidd forsking. Samstundes må openheit vegast opp mot andre forskingsetiske omsyn og krav. Til dømes kan openheit i form av auka brukarmedverknad utfordre uavhengigheita til forskinga. I tillegg bør det vere openheit rundt finansiering og andre interesser.
Forslag til tekst på side 31 i kursiv:
Eit sjølvstendig og viktig poeng er at større openheit og betre innsyn i forsking kan bidra til å styrke tilliten til forskarane og forskingsresultata. Ein sentral bodskap i Kvalitetsmeldinga er at det må bli meir openheit og fagfellevurdering i høgare utdanning. Samstundes må openheit balanserast mot andre forskingsetiske omsyn og krav, slik som personvern, risiko for misbruk og uavhengigheit.
Lov om organisering av forskingsetisk arbeid (2017) slår fast at forskingsinstitusjonane har eit ansvar for å gi opplæring i forskingsetikk. FEK meiner at målsetjinga om å utvikle fleire fagmiljø av framifrå kvalitet føreset ei tilsvarande satsing på forskingsetikk i utdanninga og i forskarkarrieren.
Forslag til tekst på side 32 i kursiv:
Lov om organisering av forskingsetisk arbeid (forskingsetikklova) gir forskingsinstitusjonane ansvar for å gi nødvendig opplæring i forskingsetikk og sørge for at alle som utfører eller deltek i forsking, er kjende med dei etablerte forskingsetiske normene. Opplæring i forskingsetikk er ein føresetnad for å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet. Resultat frå RINO (2016–2019) viser at dette ansvaret ikkje blir godt nok forvalta. Det er viktig at arbeidet blir styrkt på forskingsinstitusjonane i tida framover, og at opplæringa omfattar alle vitskaplege tilsette, og andre som deltek i eller
utfører forsking.
Ansvaret for opplæring i forskingsetikk for alle som utfører eller deltek i forsking, kan ofte omfatte andre enn dei tilsette ved institusjonane. Dette bør difor vektleggjast ved samarbeid med andre aktørar, slik det er utdjupa under punktet «styrkt konkurransekraft og innovasjon».
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane vil avslutningsvis ønskje departementet lukke til med ferdigstillinga, og stiller seg til disposisjon for å styrke arbeidet med forskingsetikk.
Helene Ingierd
Direktør, FEK