Rettleiing
Rettleiar ved særlege førespurnader til Skjelettutvalet.
Gjeld førespurnaden materiale som ikkje er samla inn?
Det er viktig å vite om materialet allereie er innsamla eller om det skal samlast inn i samband med eit forskingsprosjekt. Dersom eit prosjekt inneber utgraving av materiale, må ein vere merksam på lovene som gjeld graver og menneskelege leivningar. Sjå rettleiaren som riksantikvaren har utarbeidd til ansvarsforskrifta for å finne ut meir om korleis oppgåvene er fordelte mellom dei ulike aktørane i kulturminneforvaltinga. Veileder ved funn av menneskelige levninger (Skjelettutvalet, 2018) gir oversikt over relevant lovverk og dagens praksis for handtering av menneskelege leivningar ved funn og forvalting.
Gjeld førespurnaden forsking på samisk skjelettmateriale?
For forsking på samiske menneskelege leivningar er det nødvendig å søkje Sametinget om godkjenning. Vi oppmodar deg til å kontakte Sametinget og samstundes sende ein førespurnad til Skjelettutvalet om forskingsetisk vurdering.
Gjeld førespurnaden forsking av medisinsk eller helsefagleg karakter?
Dersom skjelettmaterialet skal brukast til forsking av medisinsk eller helsefagleg karakter, fell forskinga inn under føresegnene i biobanklova. I slike tilfelle må prosjektet godkjennast av ein regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK), og det må opprettast ein forskingsbiobank. Sjå REK-portalen for meir informasjon.