Forskingsetikklova

Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskingsetikklova) tok til å gjelde 1. mai 2017. Ho erstattar den tidlegare forskingsetikklova frå 2007.

Om Forskningsetisk bibliotek (FBIB). Denne tema-artikkelen inngår i Forskningsetisk bibliotek (FBIB), en ressurs som tilbyr spesialforfattede artikler om forskningsetiske emner, skrevet av en lang rekke forskjellige eksperter. Til sammen skal artiklene tjene som introduksjon til de viktigste forskningsetiske temaene. Hver artikkel gir også tilgang til ytterligere ressurser, blant annet diskusjonseksempler/case.

Formålet er å bidra til refleksjon og debatt. De vinklinger og oppfatninger som presenteres i FBIB-artiklene uttrykker ikke nødvendigvis De nasjonale forskningsetiske komiteenes standpunkt; den enkelte forfatter står for sine perspektiver.

Formålet med lova er å bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer (§ 1). Vidare er lova det juridiske grunnlaget for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Lova slår fast at det skal vere forskingsetiske komitear som dekkjer alle fagområde (§ 9). Dei nasjonale komiteane er Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM), Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) og Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), i tillegg til Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (GRU).

I tillegg er lova det juridiske grunnlaget for dei regionale forskingsetiske komiteane for medisin og helsefag (REK). REK-ane arbeider etter helseforskingslova, og hovudoppgåva deira er etisk vurdering av søknader om godkjenning av medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt som omfattar menneske. Eit slikt prosjekt må ikkje setjast i gang før det er godkjent.

Forskingsetikk

Forskingsetikk er ei samanfatning av praktisk vitskapsmoral. Forskinga skal følgje normer som regulerer forholdet internt i forskarsamfunnet og eksternt mellom forskarar og dei som deltek i forskinga og samfunnet elles.

Forskinga skal vere aktsam og forsvarleg og følgje såkalla anerkjende forskingsetiske normer. Retningslinjene til dei nasjonale forskingsetiske komiteane er døme på slike normer.

Forsking som bryt med forskingsetiske normer, kan reknast som ureieleg forsking. Spørsmål om forskinga er ureieleg, skal i første instans behandlast av den forskingsinstitusjonen der den innklaga er tilsett. Institusjonane må opprette eit reielegheitsutval, og dei må fastsetje retningslinjer for behandling av saker om mogleg ureieleg framferd.

Den som ev. får ei fråsegn om alvorleg vitskapleg ureieleg framferd retta mot seg (vitskapleg ureieleg framferd), kan klage fråsegna inn for Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (GRU).

Ureieleg framferd som omfattar fabrikasjon, forfalsking og plagiat (FFP) blir rekna som alvorleg. I forarbeida til lova er det i tillegg lista opp ei rekkje handlingar som etter ei konkret vurdering òg kan reknast som alvorlege. På lista står mellom anna:

  • tilbakehalding av, villeiing om eller selektiv/skjult kassering av uønskte resultat;
  • villeiing eller forteiing om eigen vitskapleg innsats og/eller vitskaplege resultat og om kor mykje den enkelte har bidrege; urettmessige opplysningar om forfattarrolle m.m.;
  • destruering av forskingsmateriale for å hindre undersøkingar av ureieleg framferd i forsking

Lista i lova er ikkje uttømmande.

For at ei handling skal reknast som vitskapleg ureieleg, må ho ifølgje lova òg vere gjord forsettleg eller grovt aktlaust.

Ansvar

Forskaren har primæransvaret for at forskinga er aktsam og forsvarleg. Ansvaret gjeld i heile «levetida» til forskingsprosjektet.

Forskingsinstitusjonane har ansvar for undervisning og opplæring i forskingsetikk. Institusjonane skal òg vedta interne retningslinjer for behandling av moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Retningslinjene skal vere offentlege.

I tillegg til eit reielegheitsutval kan det vere formålstenleg med eit forskingsstøtteapparat som kan rettleie forskarar i konkrete forskingsetiske problemstillingar.

Behandlinga av saker som gjeld ureieleg framferd, skal følgje reglane i forvaltningslova. Sakene kan haldast utanom offentleg innsyn til dei er behandla ferdig i institusjonen.

Du finn helseforskingslova og forskingsetikklova på lovdata.no.