Om Forskningsetisk bibliotek (FBIB)
Forskningsetisk bibliotek (FBIB) har som formål å bidra til refleksjon og debatt om forskingsetiske spørsmål. Hovudmålgruppa er undervisarar og studentar, men håpet er at FBIB òg kan vere til hjelp og nytte for andre.
FBIB tilbyr 75 spesialforfatta artiklar om forskingsetiske emne, skrivne av ei lang rekkje ulike ekspertar og fagpersonar. Til saman skal artiklane tene som introduksjon til dei viktigaste forskingsetiske temaa. Kvar artikkel gir òg tilgang til ytterlegare ressursar, i form av litteraturtilvisingar, casar/diskusjonsdøme og nyheitssaker eller anna materiale. Formålet er å bidra til refleksjon og debatt snarare enn å skape ein encyklopedi eller ein fasit. Med unntak av redaksjonelle og pedagogiske innspel, korrektur og visse krav til breidde i innhaldet har det ikkje vore eit mål å einsrette uttrykket til dei ulike forfattarane.
Dei vinklingane og oppfatningane som blir presenterte i FBIB-artiklane, uttrykkjer ikkje nødvendigvis standpunkta til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane; kvar enkelt forfattar står for sine perspektiv.
Brukarar blir oppmoda om å sende konkrete tilbakemeldingar om FBIB, anten det gjeld eit tema som manglar eller er underrepresentert, ein har andre forslag til endringar og forbetringar eller ein kjenner til andre ressursar FBIB kan nytte seg av.
Om arbeidet med FBIB
FBIB blei lansert i mai 2009 og er resultatet av eit prosjekt leidd av De nasjonale forskningsetiske komiteene, i samarbeid med alle dei sju universiteta i Noreg. Forprosjektet blei delfinansiert av Etikkprogrammet ved Universitetet i Oslo, og ei fokusgruppe blei etablert for å bidra til den grunnleggjande utforminga av funksjonane. Ei styringsgruppe med representantar frå alle universiteta har fungert som kvalitetssikrar undervegs i arbeidet.
I prosjektfasen hadde styringsgruppa og fokusgruppa for FBIB desse medlemmene:
Den nasjonale styringsgruppa: Bente Alver (Universitetet i Bergen); Eva Gjengedal (Universitetet i Bergen); Tor Hauken (Universitetet i Stavanger); Lars Mjøset (Universitetet i Oslo); Deborah Oughton (Universitetet for miljø- og biovitenskap; Berge Solberg (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet); May Thorseth (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet); Arnt Inge Vistnes (Universitetet i Oslo); Åge Wifstad (Universitetet i Tromsø); Dag Aasland (Universitetet i Agder).
Fokusgruppa: Gro Hagemann; Vidar Halvorsen; Bjørn Hofmann; Halvor Moxnes; Deborah Oughton; Ragnhild Paulsen; Berit Rognhaug.
Prosjektleier var Hallvard J. Fossheim.
Vidareutvikling og vedlikehald blir gjort i regi av De nasjonale forskningsetiske komiteene ved webredaktør Ingrid Torp.