Skal du delta i forsking? Dette bør du vita!» (2022)

Informasjonsfilm for barn og unge om rettane deira som deltakarar i forsking.

Ung person sit på ein klode og skodar ut i verdsrommet
Bilde frå filmen

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane har hjelpt UiO i uviklingen av denne animasjonsfilmen, som del av det EU-støtta prosjektet CO:RE (Children Online: Research and Evidence).

Filmen skal hjelpa forskarar med å sikra at barn og unge forstår rettane sine som forskingsdeltakarar. Den inneheld informasjon til barn og unge om kva det betyr å delta i forskingsprosjekt. Den kan også brukast av lærarar og andre som har behov for å forklara barn kva det vil seia å delta i forsking og kva rettar dei har i denne samanhengen.

Filmen er omsett til fleire språk og er ope tilgjengeleg på nettsida for prosjektet:

https://core-evidence.eu/posts/open-source-movie-childrens-rights-as-research-participants

Direkte lenke, YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=bs1cYtV0z0s