The Immortal Life of Henrietta Lacks (2017)
Henrietta Lacks døydde av kreft i 1951, men cellene hennar lever den dag i dag utan hennar samtykke.
I filmen prøver Lacks dotter å finna ut meir om mora ho aldri rakk å bli kjend med. Ho finn også ut korleis den uautoriserte bruken av kreftcellene til mora fører til medisinske gjennombrot.
HeLa står for Henrietta Lacks, og HeLa-cellelinja er den første udødeliggjorte menneskelege cellelinja. Dette er ei av dei viktigaste cellelinjene i medisinsk forsking den dag i dag. Cellene blir framleis kjøpte og selde over heile verda, og dei har generert fleire millionar dollar i forteneste.