Filmar med forskningsetisk relevans

Her finn du eit utval dokumentarar, spelefilmar og videoar med forskingsetisk relevans. Tips oss gjerne om fleire relevante filmar (info@forskningsetikk.no).

Informasjonsfilmar

Skal du delta i forskning? Dette bør du vita! (2022)

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane har hjelpt UiO i uviklingen av denne animasjonsfilmen, som del av det EU-støtta prosjektet CO:RE (Children Online: Research and Evidence).

Filmen skal hjelpa forskarar med å sikra at barn og unge forstår rettane sine som forskingsdeltakarar. Den inneheld informasjon til barn og unge om kva det betyr å delta i forskingsprosjekt. Den kan også brukast av lærarar og andre som har behov for å forklara barn kva det vil seia å delta i forsking og kva rettar dei har i denne samanhengen.

Filmen er omsett til fleire språk og er ope tilgjengeleg på nettsida for prosjektet.

Meir om CO:RE-prosjektet
Sjå filmen på YouTube

On Being a Scientist (2016)

Ein premiert professor blir ønskt velkommen tilbake til universitetet for å heidrast. Men er det verkeleg han som burde motteke den prestisjetunge prisen?
Dette er utgangspunktet i filmen «On Being a Scientist». Målet til nederlandske Leiden Universitet, var å laga ei engasjerande forteljing som eit utgangspunkt for undervisning i forskingsetikk.

- Me ville sjå om film er eit effektivt middel for denne typen undervisning, og me var så heldige å få med oss ein av dei fremste regissørane våre, sa produsent Remco van Schadewijk då han viste delar av filmen under verdskonferansen for forskingsintegritet (WCRI) i Amsterdam i 2017.

Filmen tek for seg dei store spørsmåla knytt til forskaren og forskinga si rolle i samfunnet. Samtidig kjem ho inn på dei meir konkrete utfordringane forskarar kan møta på, som rett og etisk metodeval. Eit viktig poeng for filmskaparane var å gå inn på dei mange gråsonene innan forskingsetikk.

Manuset er utvikla ut frå visse læringsmål, og filmen er delt inn i ni delar, slik at ein kan velja å sjå han i episodar eller under eitt. Ved Leiden Universitet blir den no brukt i undervisninga for å introdusera studentar for potensielle utfordringar dei kan møta på i forskarkarrieren.

Universitetet forskar no for å finna ut kor effektiv undervisninga er.

Sjå filmen på YouTube

 

Nyheitsreportasjar

Prison Experiments (2009)

Under den kalde krigen vart det gjennomført ei rekkje eksperiment på fangar i amerikanske fengsel. Mange har framleis mén.

Sjå innslaget på YouTube

Japanese World War II veterans recall horrors of Unit 731 (2014)

I dette innslaget frå New China TV fortel japanske krigsveteranar om forsøka som fann stad i eining 731. Eininga jobba med biologisk krigføring og eksperimenterte med levande menneske.

Sjå innslaget på YouTube

Stanley Milgram & Phillip Zimbardo's studies, applied to the Abu Ghraib Prison atrocities (2010)

ABC News ser til forsking for å forklara kvifor tilsynelatande vanlege menneske har vore involverte i overgrep ved Abu Ghraib-fengselet.

Sjå på YouTube

 

Dokumentarar

Something the Lord Made (2004)

Denne HBO-filmen handlar om den første eksperimentelle kirurgien på hjartesjuke barn. Regissør Joseph Sargent. Skrive av Peter Silvermann og Robert Caswell. Forteljinga har rot i arbeidet til Dr. Blalock og teknikaren hans, Vivien Thomas, ved Johns Hopkins-universitetet på 1950-talet.

Les meir på IMDB

Darwin's Nightmare (2004)

Oscarnominert dokumentar om økologiske eksperiment med utsetjing av nilabbor i Victoriasjøen på 1960-talet.

Les meir på IMDB

The Dark Side of Science: The Horror of the Tuskegee Syphilis Experiment (2021)

Filmen handlar om forskning utan samtykke eller informasjon. Den korte animerte dokumentaren tek for seg utviklinga av Tuskegee-eksperimentet, der forskarane gjekk frå å la vere å informera deltakarar om at dei hadde syfilis, til å la vere å behandla dei idet effektiv medisin etter kvart fanst. 

Sjå filmen på YouTube

 

Spelefilmar

Joy (2024)

Basert på den sanne historia om britiske forskarar som var pionerar innan IVF.
På 1960 og 1970 talet jobba dei britiske forskarane Jean Purdy, Robert Edwards og Patrick Steptoe med å utvikla IVF - in vitro fertilisering, eller kunstig befruktning. Filmen følgjer forskarane i det kontroversielle arbidet, der interessene til ufrivillig barnlause par møter motstand frå mellom anna religiøse krefter i samfunnet. 

Filmen kan mellom anna gi bakgrunn for å diskutera kontroversielle forskningsfelt, forskningsformidling og belastning for forskningsdeltakarar

Les mer på IMDB.

Jurassic Park (1993)

Forskarar finn ein metode for å vekkja dinosaurar til live igjen. Dei plasserer dei på ei aude øy og er i sluttfasen av å etablera ein underhaldningspark der. Aktuelle forskingsetiske spørsmål knytte til filmen, frå visning på Cinemateket i serien Teknoetikk, juni 2018: 

Bioteknologien gjer stadige framsteg – det gir oss høve til å manipulera liv, til å skapa og attskapa. Ved Harvard jobbar ei forskargruppe no med å klona fram ein ny mammut. Er det ein god idé? Vil me komma dit at me kan attskapa dinosaurane? Og bør me i så fall gjera det? Kva konsekvensar kan det få for oss, for miljøet og ikkje minst – for den nye livsforma sjølv?

Les meir på IMDB

Salmer fra kjøkkenet (2003)

Spelefilmen "Salmer frå kjøkkenet" tek for seg komplikasjonar knytte til eit forskingsopplegg der målet er heilt å unngå menneskeleg interaksjon med personen det blir forska på. Filmen kan brukast til å diskutera mellom anna forskingsmetodar og korleis deltakarar blir inkluderte i forsking.

Les meir på IMDB

Blade Runner (1983)

I filmen gjer androidar opprør mot menneska i jakta på sitt inste sjølv. Politimannen Rick Deckard (Harrison Ford) tek opp jakta, men byrjar etter kvart å tvila på om oppdraget er moralsk rett. Hovudtemaet i filmen er menneskelegdom og kva som gjer oss til menneske. (Kjelde: Wikipedia)

Les meir på IMDB

The Immortal Life of Henrietta Lacks (2017)

Henrietta Lacks døydde av kreft i 1951, men cellene hennar lever den dag i dag utan hennar samtykke. I filmen prøver Lacks dotter å finna ut meir om mora ho aldri rakk å bli kjend med. Ho finn også ut korleis den uautoriserte bruken av kreftcellene til mora fører til medisinske gjennombrot.

HeLa står for Henrietta Lacks, og HeLa-cellelinja er den første udødeliggjorte menneskelege cellelinja. Dette er ei av dei viktigaste cellelinjene i medisinsk forsking den dag i dag. Cellene blir framleis kjøpte og selde over heile verda, og dei har generert fleire millionar dollar i forteneste. Filmen gir et godt utgangspunkt for å diskutere forskning på menneskelig biologisk materiale.

Les meir på IMDB

The Stanford Prison Experiment

To spelefilmar er laget om det berømte fengselseksperimentet ved Stanford University i 1971: The Experiment (2010) og The Stanford Prison Experiment (2015).

The Experimenter (2015)

I 1961 gjennomførte den berømte sosialpsykologen Stanley Milgram ein serie radikale åtferdseksperiment som testa vanlege menneskers vilje til å retta seg etter autoritet. Eksperimentet skapte debatt om forskningsetikk knytt til det å inkludera individer i forsking.

Les meir på IMDB

Ex Machina (2015)

Filmen handlar om utviklinga av kunstig generell intelligens, og kan brukast som eit utgangspunkt til å diskutera etiske spørsmål knytte til KIs moralske statusen og utviklinga av denne typen KI.

Ler meir på IMDB