Om retningslinjene
To av komiteane har eigne fagspesifikke retningslinjer. I tillegg finst ei rekkje retningslinjer for medisinfeltet, og dessutan eigne rettleiarar for spesifikke forskingsområde. Granskingsutvalet har også laga ein rettleiar for rapporteringa frå institusjonane til utvalet. Komiteane har utarbeidd generelle forskingsetiske retningslinjer saman.
Dei fagspesifikke retningslinjene utarbeidd av komiteane er Forskningsetiske retningslinjer for naturvitskap og teknologi, sist omarbeidd i 2015 og Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitskap og humaniora, sist omarbeidde i 2021.
I tillegg har Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag utarbeidd følgjande (du finn retningslinjene i fulltekst her):
Retningslinjer for bruk av genetiske undersøkelser av mennesker i medisinsk og helsefaglig forskning
Retningslinjer for inklusjon av kvinner i medisinsk forskning
Retningslinjer for inklusjon av voksne personer med manglende eller redusert samtykkekompetanse i helsefaglig forskning
Komiteane har i fellesskap utarbeidd Generelle forskningsetiske retningslinjer, som ikkje kan erstatta dei fagspesifikke, men fungera som ein inngangsport til prinsippa i forskingsetikken, også for andre enn forskarar.
I tillegg har komitear og utval utarbeidd fleire rettleiarar, mellom anna for forsking på internett (NESH), for forsking med dyr (NENT), for forsking på menneskelege leivningar (Skjelettutvalget), om det saklege virkeområdet i helseforskingslova og for rapportering av ureielegheitssakar (Granskingsutvalget).