Årsrapport 2024
Last ned heile rapporten (pdf)
Leiar si melding
Helene Ingierd, direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
2024 var året då forskingsetikk vart sett høgt på dagsordenen i offentlegheita gjennom fleire saker som omhandla plagiat. Sentrale spørsmål i den offentlege samtalen, og som me i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) har bidrege til å klargjera, er kva praksisar som eigentleg blir omfatta av plagiatomgrepet og kvifor plagiat både nasjonalt og internasjonalt blir rekna som eit alvorleg brot på god vitskapleg praksis. Sakene illustrerer at det framleis står att mykje arbeid knytt til å fremja kunnskap om grunnleggjande forskingsetiske normer og betydninga av dei. I den offentlege debatten har me mellom anna vore opptekne av å få fram at me bør ha rammeverk som evnar å skilja mellom meir og mindre alvorlege former for overtramp, og som skil mellom fusk og feil. I samband med ny universitets- og høgskulelov, har me vore opptekne av å formidla at det er viktig at krava til god praksis som blir stilt til studentar og forskarar samsvarer i størst mogleg grad, og at dei byggjer på forskingsetiske omgrep og grunngivingar. Det er ein føresetnad for at me skal klara å byggja ein god forskingsetisk kultur på institusjonane, der det blir lagt til rette for og blir oppmuntra til god praksis.
Er det meir uredeligheit i forskinga, eller berre meir kunnskap om varslingsmekanismar og aukande bruk av systemet? Nasjonalt utval for gransking av uredeligheit i forsking (Granskingutvalet) har hatt ein markant auke i klagesaker dei siste åra. Med forskingsetikklova frå 2017 fekk utvalet endra oppgåver, og det har vore forventa at saksmengda kunne auke, men det er fyrst det siste året vi verkeleg har sett effekten. Denne auken krev mykje av sekretariatet sine ressursar, og gjer at vi må prioritere handteringa av saker. Det kan skje på kostnad av førebyggjande arbeid. Vi ønskjer meir tid til førebygging, då vi blant anna erfarer at mange av sakene som vert mottekne – anten som klagesaker eller rapporteringar frå institusjonane – kjenneteiknast ved usemje som oppstår i samarbeid. Fleire av desse kunne vore løyst eller unngått ved å leggje til rette for gode avtalar om blant anna forfatterskap eller eigarskap til data, tidleg i samarbeidet.
Vi ønskjer meir tid til førebygging, då vi blant anna erfarer at mange av sakene som vert mottekne kjenneteiknast ved usemje som oppstår i samarbeid.
Urfolk og nasjonale minoritetar blei særleg sett på agendaen med Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport om fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinnar. Det er gjort grov urett mot urfolk og nasjonale minoritetar i forskingens namn i Noreg, til dømes ved skallemålingar og innsamling av skjelettmateriale frå samiske gravplassar. Fortsatt er det eit stort behov for å diskutere etiske spørsmål som oppstår ved forsking med urfolk og nasjonale minoritetar, både på grunn av fortidens ugjerningar og fordi det kan oppstå særlege omsyn som må ivaretakast. I 2024 blei fleire sentrale problemstillingar reist på Årskonferansen. Spesielt har Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) og Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege levningar (Skjelettutvalet) jobba med tematikken på ulike måtar i året vi har lagt bak oss, gjennom uttalelsar, dialog og utvikling av faglege ressursar. NESH har til dømes vore i tett dialog med Arkivverket i samband med forsvarleg lagring og bruk av arkivet etter Sannheits- og forsoningskommisjonens arbeid.
Det er enorm interesse for forskingsetiske problemstillingar knytte til kunstig intelligens. Den teknologiske utviklinga og utviklinga av kunstig intelligens (KI) spesielt, krev eit kompetanseløft i forskingsetikk og ein kritisk diskusjon av kva normene betyr. I innspel til systemmeldinga vektla FEK blant anna behovet for å stille krav til utviklarar og brukarar om at dei skal forhalda seg til anerkjente forskingsetiske normer. FEK har løfta diskusjonar om KI på Årskonferansen, Forskningsetisk forum og Storfellesmøtet. Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) har arrangert fleire webinarar med stor deltaking, og leiar, medlemmar og sekretariatsleiar har delteke på ei rekkje arrangement. Det er brei einigheit om at grunnleggjande forskingsetiske prinsipp og normer står fast i det digitale skiftet, men dei må forståast i lys av nye utfordringar og moglegheiter. Blant anna krev teknologiutviklinga ein gjennomgang av korleis praksisar som fabrikkering og plagiat definerast og forståast, og av korleis vi kan sikre ansvarlege praksisar, til dømes knytte til skriving og publisering av vitskaplege arbeid.
Lov om medisinsk og helsefagleg forsking (helseforskningslova) skal fremje god og forsvarleg medisinsk og helseforskning. Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag (NEM) har jobba mykje med å gi innspel til det pågåande arbeidet med revisjon av lovverket. Fleire utviklingstrekk understrekar behovet for høg forskingsetisk medvit og eit kompetanseløft hos alle aktørar i forskingssystemet. Vi har jobba målretta for å bidra til å styrkje Forskningsrådet si tilnærming til forskingsetikk, og leverte eit verktøy til ein forskingsetisk eigenrefleksjon mot slutten av 2024. Frå 2025 tydeleggjer Forskningsrådet sine krav til forskingsetikk, og alle søkjarar til Forskningsrådet skal etter kvart gjere ei slik eigenevaluering. Forskninga er internasjonal og etiske spørsmål som oppstår med og i forskinga må også diskuterast i internasjonale forum. Der deltek vi. Sekretariatet har utvikla ein handlingsplan for internasjonalt arbeid som oppstiller prioriteringar for arbeidet framover. FEK har ein leiande rolle i det europeiske arbeidet med forskingsetikk i The European Network of Research Integrity Offices (ENRIO). I 2024 deltok FEK på World Conference on Research Integrity (WCRI) i Athen, og i diskusjonar rundt ei ny global uttalelse om overgangen frå forsking til politikk og innovasjon. Som i Noreg, er det eit tydeleg behov for å lage rammeverk for forskingsetikk og forskingsintegritet som også henvender seg til andre aktørar i forskingssystemet, som næringsliv, offentleg forvaltning og politiske styresmakter.
Helene Ingierd
Direktør, Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, Oslo, 15. mars 2025
Kort om Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og hovudtal
FEK skal bidra til at all forsking i Noreg skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer, og er det viktigaste fagorganet for forskingsetikk. Komiteane vart oppretta i 1990. Sidan 2013 har FEK vore eit forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Komiteane og utvala er faglege uavhengige. FEK omfattar følgjande komitear og utval med eit felles sekretariat:
Tabell 1. Komitear og utval | ||
Navn | Forkorting | Talet på medl. |
Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag | NEM | 14 |
Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknolog | NENT | 13 |
Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora | NESH | 14 |
Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (Granskingsutvalet) | GRU | 11 |
Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege leivningar (Skjelettutvalet) | SKJ | 10 |
Tabell 2. Hovudtal | |||
Kategori | 2024 | 2023 | 2022 |
Talet på årsverk | 10,6 | 10,6 | 9,9 |
Samla tildeling | 22 595 000 | 21 908 000 | 21 052 000 |
Utnyttingsgrada av tildeling | 94,9 % | 94,2 % | 93,0 % |
Driftsutgifter | 21 432 454 | 20 648 091 | 19 590 893 |
Lønsdel av driftsutgifter | 71,9 % | 71,1 % | 68,4 % |
Lønskostnad per årsverk | 898 514 | 914 351 | 904 357 |
Pengestorleikar i NOK
FEK er lokalisert i Kongens gate 14 i Oslo sentrum og deler lokale med Teknologirådet. Sekretariatet vart i 2024 leidd av Helene Ingierd.
Årets aktivitetar og resultat
Oversikt over mål- og resultatstyring for FEK
Kunnskapsdepartementet (KD) har fastsett følgjande samfunnsmål for FEK:
Etisk god og ansvarleg forsking
Følgjande mål er fastsette på brukarnivå:
- Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking
- Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt
- Samfunnet har tillit til forsking
I tildelingsbrevet for 2024 er det angitt at det første målet på brukarnivå skal ha særleg prioritet. Gjennom arbeidet knytt til mål- og resultatstyring har me utvikla følgjande mål for produkt og tenester:
- Faglig gode retningslinjer og ressursar
- Profesjonell rådgiving og rettleiing
- Godt grunngitte fråsegner og vedtak
- Relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt
FEK har i tillegg eit internt mål om å vidareutvikle eit kompetent og effektivt sekretariat, jamfør strategien for FEK 2021-2025.
KD har også lista opp følgjande to styringsparametrar:
- Forskingsetiske retningslinjer skal til kvar tid vere gode verktøy for å fremje god og ansvarleg forsking.
- FEK blir oppfatta som ein ressurs for forskingsinstitusjonane i arbeidet som desse gjer med å fremje god og ansvarleg forsking.
I det følgjande rapporterer me om måloppnåinga, i samsvar med mål for produkt og tenester, der me under kvart av måla gjer greie for dei mest sentrale aktivitetane, og dessutan gir ei vurdering av effektiv ressursbruk og om aktivitetane bidreg til FEKs overordna måloppnåing.
Samla vurdering av prioriteringar, ressursbruk, resultat og måloppnåing
Aktivitetane i 2024 har vore baserte på mål og styringsparametrar gitt gjennom tildelingsbrevet og FEK sin strategi. I tillegg er risikovurderinga for måloppnåing lagt til grunn for dei prioriteringane som er gjorde.
FEK sine prioriteringar og hovudinnsats har også i 2024 vore retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar og mål 1: Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking. Fortløpande rådgiving og rettleiing, gjennom saksbehandling og utarbeiding av rådgivande utsegner og vedtak, har høgaste prioritet i arbeidet vårt. Nært knytt til dette, er arbeidet med å leggja til rette for møte i komitear og utval. Ein grunnleggjande føresetnad for alt arbeidet me gjer, er at me har eit kompetent og effektivt sekretariat. Dette sikrar me gjennom interne møteplassar, god økonomistyring og internkontroll, vidareutvikling og vidareføring av gode styringsverktøy, under dette utviklinga av ein ny strategi for FEK, og tiltak for å vera ein god arbeidsplass, under dette moglegheiter for fagleg fordjuping. Også utviklinga og oppdateringa av fagleg gode ressursar, og tilrettelegginga av relevante møteplassar, slik som Forskningsetisk forum, blir rekna som svært viktige tiltak for måloppnåinga.
FEK ser at målet berre kan oppfyllast i tett samarbeid med forskarar og forskingsinstitusjonar, og med føreseielege og gode rammer for forskinga. FEK erfarer at forskarar og forskingsinstitusjonar generelt passar nøye på tydinga av at forskinga skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. Dialog med forskarar og forskingsinstitusjonar stadfestar at det skjer mykje godt arbeid, mellom anna knytt til opplæring i forskingsetiske normer. FEK kjenner mellom anna til gode initiativ på NTNU, UiO og Oslomet. Me har i 2024 også lagt til rette for brei erfaringsutveksling rundt forskingsetikklova, og spesielt handteringa av sakar om mogleg ureielegheit. FEK har i stor grad innfridd mål 1.
FEK skal også bidra til at andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt, jf. mål 2. Dette målet ser FEK i samanheng med formålsparagrafen i forskingsetikklova om at all forsking i Noreg, i offentleg og privat regi, skal skje i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. Dette gjeld alle aktørar som er involverte forsking, som finansiørar, oppdragsgivarar, og samarbeidspartnarar. Forskinga går føre seg i aukande grad i samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og andre aktørar som offentleg forvaltning og næringsliv. Det er også ei klar politisk målsetjing med auka FoU-innsats i næringslivet. Det blir dermed endå viktigare å sikra at andre aktørar tek eit medansvar for forskingsetikk.
Mål 3 fastset at samfunnet skal ha tillit til forsking. Fleire utviklingstrekk gir grunn til bekymring. I lys av dette, er det særleg viktig å leggja til rette for dialog med ei breiare offentlegheit om dei normene og verdiar forskinga er tufta på.
Samla er leiars overordna vurdering at FEK oppfyller dei måla som er sette for verksemda. I 2024 har FEK disponert tildelingar på til saman 22 595 000 kroner. Verksemda har hatt eit moderat underforbruk på
5,15 % av løyvinga. Mindreforbruket kjem av i all hovudsak til tider inntil 100 prosent sjukefråvær for tre tilsette hos FEK, i heile og deler av 2024. På grunn av uvisse i sjukefråværet, har det ikkje vore tilsett vikar før mot slutten av desember 2024, med oppstart i januar 2025. Sjukefråværet har også medført at arbeid ikkje har vore gjennomført som planlagt, først og fremst produksjon av fagbladet Magasinet Forskningsetikk og oppdatering av nettsidene.
Samla er leiars overordna vurdering at FEK oppfyller dei måla som er sette for verksemda.
Utgreiing om måloppnåing
Fagleg gode retningslinjer og ressursar
I det følgjande blir dei mest sentrale ressursane FEK har arbeidd med i 2024 framheva.
Forskingsetisk hugseliste: Eit verktøy for forskingsetisk eigenevaluering for Forskingsrådet
FEK har i dialog med Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) og i innspel til Kunnskapsdepartementet understreka betydninga av at Forskingsrådet, som ein sentral aktør i det norske forskingssystemet, stiller tydelege krav til forskingsetikk i utlysingstekster og ved vurderingar av søknader. I 2024 har me jobba med å få på plass eit verktøy for ei obligatorisk forskingsetisk eigenevaluering for fleire av søknadstypane i Forskingsrådet. Frå 2025 skal denne gjelde for alle søknadstypar.
Arbeidet er sentralt for måloppnåinga i FEK, jf. FEK sitt samfunnsmål: Etisk god og ansvarleg forsking. Ei forskingsetisk eigenevaluering skal vera ein ressurs for forskarar som søkjer om løyving frå Forskingsrådet. Formålet med verktøyet for eigenevalueringa er å hjelpa søkjarar med å identifisera dei viktigaste forskingsetiske dimensjonane i eit prosjekt, og peika mot sentrale ressursar som kan rettleia dei i handteringa av desse. Den skal slik vera eit verktøy for å kunna gjera gode og solide forskingsetiske vurderingar, som ledd i å sikra at forskinga skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. FEKs vurdering er at ei forskingsetisk eigenevaluering kan styrkja Forskingsrådet sitt arbeid med forskingsetikk, og også bidra til at andre forskingsaktørar tek omsyn til forskingsetikk.
FEK skal halda fram dialogen med Forskingsrådet om dette verktøyet i 2025.
Forskingsetiske retningslinjer for naturvitskap og teknologi
Ein revidert og oppdatert versjon av Forskningsetiske retningslinjer for naturvitenskap og teknologi vart ferdig frå NENT i 2024. Retningslinjene formulerer kva som er anerkjende forskingsetiske normer innan naturvitskap og teknologi. Komiteen har sendt ut revidert utkast på høyring, og motteke 24 innspel. I tillegg til ei ny og utvida innleiing, er det også laga ein appendiks med relevante ressursar og lovverk det blir viste til i retningslinjene. Av sentrale oppdateringar i retningslinjene er ei tydeleggjering av behovet for at forskinga er fri og uavhengig, presisering av andre forskingsaktørars ansvar, oppdatering av punkta om bruk av dyr i forsking, og endringar knytt til samarbeid og oppdragsforsking, interessekonfliktar og habilitet og openheit.
Nettressurs om repatriering
Skjelettutvalet har ferdigstilt arbeidet med ein nettressurs om repatriering (returnering) av menneskelege leivningar. Utvalet er kjent med at fleire forskingsinstitusjonar og samlingar jobbar med spørsmål om repatriering og opplever det som eit utfordrande terreng. Utvalet har i ei årrekkje jobba med spørsmål om repatriering, m.a. ved å gi råd i enkeltsaker, organisera seminar om temaet og i arbeid med Forskningsetisk veileder for forsking på menneskelige levninger (Skjelettutvalet, 2022). Utvalet innhenta informasjon frå institusjonane om temaet som eit grunnlag. Formålet med nettressursen er å samla kunnskapar og praksisar på feltet, som kan nyttiggjerast av fleire innan samlingsforvaltning, forsking og formidling.

Rapport om nøkkeldefinisjonar i forskingsetikk
I det internasjonale arbeidet om forskingsetikk kan det vera ei utfordring at ulike land, institusjonar og fag opererer med ulike omgrep og definisjonar. European Network for Research Integrity Offices (EINRIO) oppretta ei arbeidsgruppe i 2023 med to målsetjingar: (1) kartleggja om og korleis sentrale omgrep knytt til «forskingsetikk» blir definerte i land som er representert i EINRIO, og (2) utvikla ei ordliste og foreslå korleis nøkkelomgrep blir definerte. Arbeidet skal munna ut i rapporten Revising definitions of key research integrity-related concepts og leiast av direktør i FEK. Bakteppet er at EINRIO er ei europeisk stifting som har som formål å fremja forskingsintegritet i Europa. For å oppfylla dette er det vesentleg å få ei oversikt over korleis sentrale omgrep blir definerte i Europa og å prøva å oppnå ei samlande forståing av kva dei ulike omgrepa omfattar. Slik kan organisasjonen bidra til å leggja til rette for eit meir heilskapleg rammeverk for forskingsintegritet og etikk i Europa.
Målgruppa for rapporten er medlemmer i ENRIO, dvs. organ for forskingsintegritet/reielegheitsutval, og andre som arbeider med forskingsintegritet og forskingsetikk i Europa, og dessutan andre aktørar i forskingssystemet, slik som EU-kommisjonen.
Kartlegginga vart utført ved ein spørjeundersøking som vart sendt til alle land representerte i EINRIO i slutten av 2023 (n=25), med svar frå 21 land. Spørjeundersøkinga inkluderte mellom anna spørsmål om 11 nøkkeldefinisjonar. I 2024 har arbeidsgruppa i EINRIO analysert materialet og starta arbeidet med den normative analysen knytt til målsetjing (2). Arbeidsgruppa vil identifisera relevant litteratur, velja ut prinsipp formulert i rammeverk for forskingsetikk og forskingsintegritet, og bruka definisjonane som er gitt gjennom svara på spørjeundersøkinga i analysen.
FEK reknar dette arbeidet som viktig og i tråd med prioriteringane, jf. Strategi for FEK 2021-2025, spesielt mål 1: Styrkja arbeidet med forskingsetikk, og sekretariatets Handlingsplan for internasjonalt arbeid, som mellom anna seier: «Ulik omgrepsbruk gjer at det er særleg viktig for FEK framover å delta i internasjonalt arbeid som bidreg til omgrepsavklaring, og at me internt er samla om korleis me kommuniserer arbeidet vårt internasjonalt» (s. 2). Meir spesifikt vil rapporten dette arbeidet skal resultera i, kunne vera ein viktig fagleg ressurs, internt, nasjonalt og internasjonalt.
Magasinet Forskningsetikk
Magasinet Forskningsetikk er eit uavhengig, gratis fagblad som er tilpassa ei brei gruppe lesarar, frå forskarar og studentar til styresmakter, allmenta og medium. Magasinet skal bidra til å skapa medvit, kunnskap og debatt gjennom seriøs, kritisk og informativ journalistikk. Vanlegvis gir me ut tre–fire utgåver av magasinet årleg. I 2024 kom det berre ut to utgåver, på grunn av sjukefråvær i redaksjonen. Denne situasjonen har vore ein katalysator for at me no er i gang med ein prosess rundt digital satsing. Papirmediet har sine fordelar, men eit auka nærvær og aktivitet på nett vil også kunna vera både nødvendig og viktig. Mellom anna ser me for oss moglegheita for auka fleksibilitet og aktualitet og at me kan no ut til eit endå breiare publikum. Utgreiinga av det digitale livet til magasinet er noko me kjem til å jobba intensivt med i 2025.
Vurdering
Arbeidet med å utvikla og revidera fagleg gode ressursar og retningslinjer er høgt prioriterte i FEK. I 2024 har fleire av komiteane og utvala jobba med å vidareutvikla og oppdatera retningslinjer. Me prioriterer også arbeid med internasjonale ressursar. I tillegg til å delta i fleire arbeidsgrupper i ENRIO, har me omsett European Code of Conduct for Research Integrity frå ALLEA til norsk. Dette er det viktigaste rammeverket for forskingsintegritet og etikk i Europa. Fleire av ressursane me lagar er retta mot fleire aktørar i forskingssystemet: forskarar, forskingsinstitusjonar, forskingsfinansierande instansar og andre aktørar involverte i forsking.
Generelt erfarer FEK, gjennom dialog med forskarar og forskingsinstitusjonar og andre aktørar, at dei ressursane FEK utviklar blir opplevd som relevante og nyttige verktøy i arbeidet med å fremja etisk god og ansvarleg forsking. Me erfarer også at dette er eit ressurskrevjande arbeid, som må vika når det er stor belastning på saksbehandlinga i komitear og utval. Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM) har eit stort etterslep på oppdateringar i dei retningslinjene og rettleiarar komiteen har utarbeidd pga. eit høgt trykk på klagesaker dei siste åra, som NEM må prioritera.
Profesjonell rådgiving og rettleiing
Ein viktig del av FEK sitt arbeid handlar om å gi profesjonell rådgiving og rettleiing. Dette skjer gjennom fleire aktivitetar, i tillegg til å svara på førespurnader fortløpande. Mykje av den profesjonelle rådgivinga og rettleiinga vår handlar om å gi foredrag og undervisning. FEK har spesielt fokus på dette gjennom nettsidene, og ved eit eige opplæringsprosjekt, som blir omtalt i det følgjande. I tillegg er deltaking i offentleg debatt viktig for å nå ut til fleire grupper.
Nettsidene
2024 har vore prega av ein krevjande personalsituasjon, og det har ikkje vore mogleg å halda oppe normal drift på nettsidene. Påkommande oppgåver har vore varetekne, men det har elles vore låg aktivitet. Det blir også spegla i tala for bruk av sidene:
Tabell 3. Bruk av nettsidene | |||
2024 | 2023 | 2022 | |
Sidevisningar totalt | 848 109 | 1 766 540 | 1 483 970 |
Sidevisningar på engelsk | 216 686 | 476 483 | 403 097 |
Talet på besøk | 271 633 | 321 750 | 333 897 |
Økter på mobil (inkl. tablet) | 54 655 | 76 869 | 86 604 |
Dei mest nytta ressursane er retningslinjene frå NESH og NENT, og dessutan NEM sin vedtaksdatabase og utsegner frå Granskingsutvalget. I tillegg er utvalde artiklar frå Forskningsetisk bibliotek (FBIB) hyppig besøkte.
Også for engelske brukarar er retningslinjene den viktigaste ressursen, men då også NENT sine retningslinjer for forsking med dyr og NESH sin rettleiar for internettforsking. FBIB er også ein viktig ressurs for mange globalt.
Verktøyet Siteimprove blir nytta for å sikra at nettsidene er tilgjengelege og brukarvennlege. Sider blir gjennomgåtte automatisk og feil blir rapporterte, slik at dei kan rettast manuelt. Digital Certainty Index, som måler tilgjengelegheit, kvalitetssikring og SEO, var 78,7 ved utgangen av året, ned frå 92,9 året før. Dette kjem i stor grad av ein feil på sida som gav mange brotne lenkjer, men som ikkje ramma brukarane. Feilen oppstod i oppgradering til siste versjon av CMS. Bransje-benchmark for statlege verksemder var 82,4.
Opplæringsressursar
FEK har også i 2024 jobba med eit prosjekt der målet er å styrkja tilbodet av ressursar som kan brukast av forskingsinstitusjonane i deira arbeid med undervisning og opplæring innan forskingsetikk. Prosjektgruppa starta utvikling av ei temaside for ureielegheit i forsking, som skal bidra inn mot samfunnsoppdraget vårt. Nettsida skal gi ein kort introduksjon til temaet, og formålet er å løfta fram og opplysa om sentrale forskingsetiske problemstillingar, og å visa til relevante ressursar og referansar. Målgruppe for temasider er brei: studentar, forskarar, undervisarar, leiarar og administrativt tilsette ved forskingsinstitusjonar, men også andre som ønskjer meir kunnskap om forskingsetikk. Desse ressursane skal vera dynamiske og oppdaterast ved utvikling på feltet eller ved behov.
I 2024 har me framleis arbeidd med å oppdatera Forskningsetisk bibliotek (FBIB). FBIB tilbyr spesialforfatta artiklar om forskingsetiske emne, skrive av ei lang rekkje ulike ekspertar og fagpersonar. Til saman skal artiklane tena som introduksjon til dei viktigaste forskingsetiske temaa. Formålet med FBIB og tilknytte ressursar er å bidra til refleksjon og debatt snarare enn å skapa eit oppslagsverk eller ein fasit. Me har mange oppdaterte og nye artiklar i 2024, mellom anna om kunstig intelligens, og fleire er omsette til engelsk.
Deltaking i offentleg debatt
For at FEK skal kunna spreia kunnskap om forskingsetikk i befolkninga og dermed bidra til å vareta tilliten til forsking, er det viktig å delteke i offentleg debatt. I 2024 har FEK teke initiativ til og delteken i fleire offentlege debattar, både på tv, i radio og aviser. Prioritering av slik deltaking følgjer kommunikasjonsplanen vår. Her nemner me nokre av dei sentrale debattane der FEK har bidrege.
Kva er plagiat og kvifor reknast det som eit alvorleg brot på god vitskapleg praksis?
På byrjinga av fjoråret vart det store oppslag i media då det vart avdekt av dåverande forsknings- og høgare utdanningsminister, Sandra Borch, hadde plagiert delar av masteroppgåva si. Etter ei tid vart det også avdekt mogleg plagiat i masteroppgåva til dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol. Avsløringane kom i kjølvatnet av diskusjonar om såkalla sjølvplagiat blant studentar. Direktør Ingierd deltok mellom anna på Dagsnytt 18 om tematikken, der ho understreka at «sjølvplagiat» er eit dårleg omgrep då det lett blir likestilt med plagiat. Det er meir presist å snakka om «gjenbruk av eige materiale», som kan vera meir eller mindre alvorleg etisk sett, avhengig av omfanget.
Me opplevde mange førespurnader i denne perioden med spørsmål om fusk og ureieleg forsking, og me jobba for å gjera ressursane våre på dette området best mogleg tilgjengeleg. FEK bidrog i fleire kanalar, gjennom deltaking v/ Ingierd i Debatten og i kronikkar og intervju, mellom anna i VG, Vårt Land og Times Higher Education.

For FEK har det vore viktig å formidla at plagiat blir rekna som eit alvorleg brot på vitskapleg praksis i forskingsetiske rammeverk, og kvifor det er slik. Avsløringane, utsegner frå dei involverte og diskusjonane som følgde, viser at det framleis er eit stort behov for å rusta opp opplæringa i grunnleggjande forskingsetiske normer knytte til god vitskapleg praksis, også blant studentar. Det er også viktig at retningslinjene for fusk på dei ulike lærarstadene er mest mogleg samlande og i tråd med forskingsetiske normer studentar uansett skal lærast opp i.
Akademisk samarbeid og boikott
I 2024 var det mange diskusjonar på norske og internasjonale universitet og andre forskingsinstitusjonar knytte til ansvarleg internasjonalt samarbeid og mogleg akademisk boikott. Spesifikt kom det mange spørsmål knytte til samarbeid og boikott av israelske forskingsinstitusjonar. Grunngivinga for å ikkje vedta akademisk boikott eller avslutta samarbeid har i hovudsak vore fordi dette blir rekna for å vera eit brot med den akademiske fridommen til den enkelte. Samtidig inneber det forskingsetiske ansvaret også eit ansvar for å gjera vurderingar knytte til samarbeidspartnarar, mellom anna med bakgrunn i normer om samfunnsansvaret til forskinga. Direktør har i fleire samanhengar klargjort dette ansvaret, også på eit ope møte om internasjonalt ansvarleg samarbeid samen med HK-dir.
Overordna sett reises spørsmål om korleis forskingsinstitusjonar legg til rette for at internasjonalt forskingssamarbeid skjer innanfor rammer som både sikrar akademisk fridom og skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. Fleire ferske ressursar er relevante for tematikken, slik som rettleier frå FEK om det breie ansvaret for forskingsetikk ved institusjonane.
Vurdering
Det er eit stort behov for profesjonell rådgiving og rettleiing i oppfølginga av forskingsetikklova, spesielt, men også utover rammene av lova. Dette er arbeid som blir høgt prioritert i FEK, og sekretariatet i FEK bruker mesteparten av si tid på dette, i tillegg til saksbehandlinga for komitear og utval. Granskingsutvalet skal rettleia forskingsinstitusjonane om behandling av saker om moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer, jf. forskingsetikklova § 7 tredje ledd. Utvalet erfarer fleire førespurnader enn før, og også fleire rapporteringar frå forskingsinstitusjonane om behandlinga av saker som gjeld moglege alvorlege brot, jf. forskingsetikklova § 6 fjerde ledd. På grunn av betydeleg fleire førespurnader og saker i spesielt NEM og Granskingsutvalget dei siste åra, og dessutan sjukefråvær i sekretariatet, har ikkje FEK kunne prioritera utviklinga av opplæringsressursar i det tempoet som er ønskt.
Godt grunngitte fråsegner og vedtak
Gjennom fråsegner og vedtak gir komitear og utval konkret rettleiing i enkeltsaker.
Felles fråsegner
Også i 2024 har komitear og utval gitt fleire felles høyringsinnspel. Først og fremst gav FEK innspel til arbeidet med melding til Stortinget om forskingssystemet (systemmeldinga). FEK understreka at forskingsetikk og akademisk fridom heilt eksplisitt bør danna ei ramme for arbeidet.
Innspela kan samanfattast slik:
- Forskingsetikk er ein føresetnad for kvalitet, openheit og tillit til forsking
- Alle aktørar i forskingssystemet bør ta eit medansvar for forskingsetikk
- Det digitale skiftet krev eit kompetanseløft og ein kritisk diskusjon av kva dei forskingsetiske normene betyr i praksis
- Ein ny geopolitisk situasjon med auka fokus på tryggleik må balansera omsyn til openheit og samarbeid og anerkjenna institusjonell autonomi
- Mål om at kunnskap blir teken raskare i bruk må sjåast i samanheng med behov for påliteleg forsking med høg kvalitet
- Meir forsking i næringslivet krev ei tilsvarande styrking av opplæring i, og auka forståing for forskingsetikk.
FEK gav innspel til utgreiing av publiseringstatistikken og registeret over vitskaplege publiseringskanalar. Me har også gitt innspel til etterkontroll av personopplysningslova. Sist, har me gitt felles innspel til EUs kommande rammeprogram for forsking og innovasjon.
Fråsegner og vedtak frå komitear og utval
NEM behandla 13 klager, og dessutan fleire førespurnader, i hovudsak om forståinga av regelverket. NEM gjorde ferdig evalueringa si av helseforskingslova, etter å ha hatt eit utkast med innspel frå REK, som vart sendt Helse- og omsorgsdepartementet i mars 2024. Høyring med forslag om endringar i helseforskingslova og helsepersonellova kom i oktober 2024, og NEM hadde då ei arbeidsgruppe som utarbeidde eit høyringssvar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i NEM i 2024 er på åtte veker. Dette blir rekna som akseptabelt, men målet er at denne skal vera på maks. seks veker. Det er forventa at saksbehandlingstida vil stabilisera seg på fire–seks veker når sekretariatet no har to erfarne saksbehandlarar som jobbar med NEM, og utan sjukmeldingar.
Dei fleste førespurnadene om å behandla saker som kjem til NENT, handlar om konfliktar eller skuldingar om praksis som ikkje er etisk akseptabel. Desse sakene fell ofte inn under snuskdefinisjonen i lova, og skal derfor behandlast av institusjonane. Det er generelt få førespurnader til NENT om å vurdera etikken i forskingsprosjekt.
Det er samtidig ein auke i førespurnader om å bidra på seminar og i ulike opplæringstiltak på institusjonane. For NENT har etterspurnaden særleg vore knytt til kunstig intelligens, men også andre tema som plagiat, oppdragsforsking og meir generell forskingsetisk rettleiing og opplæring.
NESH får mange førespurnader, men det er samtidig færre saker til behandling i komiteen. NESH har registrert ei aukande interesse for institusjonelle forskingsetiske komitear (IRB/ERB), i tillegg til dei lovpålagde reielegheitsutvala, noko som også er løfta fram i FEK sin Veileder om institusjonenes ansvar for forskningsetikk (2023, del 6). For NESH sin del er det viktig å halda fast på at slike forskingsetiske komitear, på NESH sitt område, ikkje bør ha karakter av førehandsgodkjenning, men snarare vera forankra i forskarfellesskapen på linje med anna fagfellevurdering.
Talet på klagesaker under behandling i Granskingsutvalget i 2024 har vore fire. Dette kjem i tillegg til mange førespurnader som svarast ut fortløpande. Utvalet har fått og behandla 15 rapporteringar frå institusjonane på møte. Generelt ser me ein klar auke i klagesaker, og dessutan ein auke i talet på rapporteringar og andre førespurnader dei siste åra.
Skjelettutvalet behandla og gav rådgivande utsegner i sju saker. I tillegg gav utvalet rettleiing og råd i samband med fleire andre førespurnader frå forskarar og institusjonar. Utvalet vurderer talet på innsende saker til vurdering for rådgivande utsegner som stabilt. Det er ein viss auke i talet på forskarar og institusjonar som kontaktar utvalet for å be om rettleiing i saker om materiale utan klar proveniens eller formål, og som har spørsmål om etisk forsvarleg handtering av eit slikt materiale.
Vurdering
Å gi rådgivande fråsegner, klagevedtak og innspel til høyringar står sentralt i arbeidet vårt. Gjennom fråsegner og vedtak kan komitear og utval klargjera kva anerkjende forskingsetiske normer betyr i konkrete saker, samtidig som saksbehandling gir verdifulle erfaringar for oppdateringar og justeringar av rammeverk. Me ser nokre tydelege tendensar dei siste åra:
For det første, har me fleire saker som handlar om mogleg ureieleg forsking. Granskingsutvalet har ein klar auke av saker, og får fleire rapportar frå institusjonane. Mange førespurnader til NENT og NESH handlar om konfliktar eller skuldingar om praksis som ikkje er etisk akseptabel. Me ser at fagleg usemje og konfliktar, som burde vore løfta i faglege debattar eller i ei breiare offentlegheit, i større grad framstillast som skuldingar mot forskarar om brot på forskingsetiske normer og ureielegheit.
For det andre får me færre saker som handlar om å gi forskingsetiske råd i konkrete prosjekt. Det kan indikera at fleire saker blir behandla lokale, men biletet er ikkje eintydig. Me får også mange spørsmål om krav til førehandsgodkjenning. Mange forskarar møter krav om forskingsetisk vurdering i samband med publisering og internasjonalt samarbeid eller søknader. Andre har behov for å få avklart forskingsetiske spørsmål og saker som ikkje handlar om brot og ureielegheit. FEK meiner det er vesentleg at det breiare ansvaret for forskingsetikk ved institusjonane også blir vareteke framover.
Relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt
FEK legg til rette for, og deltek på ei rekkje relevante møteplassar, og i det følgjande blir samanfatta nokon av dei viktigaste.
Komité- og utvalsmøte, inkludert institusjonsbesøk
NEM hadde sju komitémøte i fjor, og to var digitale. NEM var på institusjonsbesøk i Bergen og hadde eit møte med temaet forskingsetiske utfordringar ved forsking i låg- og mellominntektsland. NEM vart betre kjend med det store forskingsmiljøet innan global helse i Bergen, og fekk nyttige innspel til Veileder for forskning i lav- og mellominntektsland. NEM fekk også høve til å presentera seg sjølv og NEMs arbeid for dei nærverande. Vidare hadde NEM møte med BAR (Bergen Addiction Research group). Komiteen fekk høyra om forskingsetiske utfordringar knytte til studiar av amfetamin og benzodiazepin substitusjonsbehandling frå to forskarar og to brukarar. Brukarar er sentrale i desse kontroversielle prosjekta, og forskarane gjer ulike grep for å sikra informert samtykke hos pasientgruppa. NEM hadde også møte med leiar for EVBRES (evidence based research), som jobbar med å fremja evidensbasert forsking og hindra bortkasta forsking.
NENT hadde fire ordinære møte i 2024. Møtet i september vart kombinert med eit institusjonsbesøk på Herøya i Porsgrunn, hos Yaras forskingssenter og Equinors responsible AI-team. Temaet for møtet med Yara var forskinga deira, forskingsfilosofi og etiske problemstillingar, og inkluderte eit besøk på det autonome skipet Yara Birkeland. Temaet for møtet med Equinor var arbeidet deira med ansvarleg kunstig intelligens. I tillegg hadde NENT tre korte, ekstraordinære møte for å førebu ulike høyringsinnspel.
NESH hadde fem komitémøte, inkludert eitt digitalt, i tillegg til eitt møte i arbeidsgruppe for personvern og forskingsetikk som har gått gjennom malar og rettleiing frå Sikt. Eitt av komitémøta var i Kristiansand i samband med institusjonsbesøk ved Universitet i Agder (UiA). Her fekk komiteen ei brei orientering om det systematiske arbeidet til institusjonen med forskingsetikk, med spesiell vekt på kunstig intelligens og konkrete utfordringar ved tre fakultet og ulike fagmiljø.
Granskingsutvalet hadde fem møte og eit institusjonsbesøk ved Universitetet i Stavanger (UiS). Granskingsutvalet møtte følgjande tre ærlegdomutval i det same møtet: Ærlegdomutvalet i Helse-Vest (HV), Forskningsutvalget ved VID og Forskningsetisk utval ved UiS.
Skjelettutvalet hadde fire ordinære utvalsmøte. 7. – 8. mai 2024 gjennomførte utvalet tre dialogmøte med institusjonar i Stockholm: Historiska museet, Anatomisk samling ved Karolinska institutet og Riksantikvarieämbetet. Formålet med møta var å læra og utveksla erfaringar om handtering (forvaltning, forsking, repatriering) av leivningar etter urfolk og minoritetar. Dei nordiske landa har mange felles problemstillingar omkring leivningar etter urfolk og nasjonale minoritetar, og i fleire tilfelle ulike praksisar for handtering og oppfølging. Utvalet opplevde møta som lærerike og nyttige med mange gode erfaringsutvekslingar.
Internt har me, forutan komité- og utvalsmøte og fortløpande møte i sekretariatet, hatt to møte i Samarbeidsutvalget (SU). Dette er ein sentral møteplass for å diskutera felles utfordringar og arbeid på tvers av komitear, utval og sekretariat. Her deltek leiarar for komitear og utval, sekretariatsleiarar, seniorrådgivar HR og økonomi og direktør. SU fastset dei overordna faglege temaa FEK jobbar med frå år til år, i 2024: kunstig intelligens og urfolk og nasjonale minoritetar.
Årskonferansen
Årskonferansen for komitear, utval og sekretariat vart arrangert 20. mars, med god deltaking og overveiande positive tilbakemeldingar. Temaa var kunstig intelligens og urfolk og nasjonale minoritetar. Det var sett av mykje tid til spørsmål og erfaringsutveksling mellom medlemmene.
Om kunstig intelligens, var det fleire som etterlyste meir drøfting rundt korleis teknologien påverkar definisjonar og forståing av snusk på den eine sida, og god vitskapleg praksis, på den andre. Samtidig trekte deltakarane fram at prinsippa og retningslinjene me har, står seg, slik desse sitata frå diskusjonen speglar: «Dei er grunnmuren me skal stå på, men me må forsterka det som er særleg utsett for press med KI.» «Me bør også vera merksame på at me kan få ei normgliding for kva me synest er greitt.» Det vart påpeika stor uvisse om kva konsekvensar bruk av KI-verktøy vil få for forskingsprosessen og forskinga i og for seg.
Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen om fornorskingspolitikk og urett overfor samar, kvener og norskfinnar vart også presenterte. Det er mange døme på at forskinga har vore ein integrert del av fornorskingspolitikken, noko som framleis fører til interessante forskingsetiske spørsmål knytte til mellom anna kompensatorisk forsking, sjølvsensur og akademisk fridom i urfolks- og minoritetsforsking. Fleire av innleiarane snakka også om samtykke og kollektivt samtykke som eit særleg sentralt tema for denne forskinga. Den historiske ballasta kan føra til at forskinga er meir tidkrevjande, til dømes for å sikra god brukarmedverknad.
Innleiarane var samde om at det framleis er kontroversar i forsking med urfolk og nasjonale minoritetar, men det er samtidig eit stort behov for meir forsking og eit ønske om dette hos mange. Ein av innleiarane sa det slik: «Som forskarar skal me tola kontroversar, så lenge me har ryggdekning for det etiske i forskinga me har gjort og er trygge på at forskinga er til gagn for dei me forskar på.»
Storfellesmøtet
Ein gong i året samlast alle REK-komiteane, NEM og tilhøyrande sekretariat til eit felles møte, Storfellesmøtet. NEM er ansvarleg arrangør, og samarbeider om plan, innhald og gjennomføring med ein av REK-komiteane. På Storfellesmøtet blir overordna forskingsetiske tema diskuterte, men også konkrete saker som har vore vurderte i REK og/eller NEM. Hensikta på møtet er opplæring av personane i komitésystemet, og å bidra til auka refleksjon omkring forskingsetiske problemstillingar. I tillegg er Storfellesmøtet ein viktig arena for å bli kjend, samarbeida og samhandla komiteane og sekretariata imellom. Utover medlemmer og varamedlemmer av REK og NEM, blir representantar inviterte for forskingsetiske komitear i Sverige og Danmark, Kunnskapsdepartementet (KD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Datatilsynet, Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) og andre relevante instansar.
I 2024 gjekk Storfellesmøtet over to dagar med 132 deltakarar i Oslo. Tema var deling av helsedata til utvikling av kunstig intelligens, og etiske dimensjonar ved samtykke i medisinsk og helsefagleg forsking.
Forskingsetisk forum
Dette er den viktigaste møteplassen for alle som jobbar med forskingsetikk i Noreg, og møteplassen er spesielt retta mot undervisarar og medlemmer i ærlegdomutval og forskingsetiske utval. Slik er dette eit tilbod til forskingsinstitusjonane i deira arbeid med forskingsetikk. Her blir det lagt til rette for erfaringsutveksling om og fagleg påfyll om gode praksisar. Temaa i 2024 var forskningsetikklova og kunstig intelligens.
Lova har verka sidan 2017. Det har vorte større forståing for forskingsetikk, og institusjonane har fått gode system på plass for forskingsetisk arbeid. Samtidig som lova kan sjå ut til å ha ein positiv bevisstgjerande effekt, erfarer me i FEK at mange forskingsinstitusjonar opplever at det er krevjande å skilja mellom behandling av (ulike) snusksaker og andre forskingsetiske spørsmål og saker, som ikkje nødvendigvis handlar om brot (jf. Veileder om institusjonenes ansvar for forskningsetikk, FEK 2023, s. 3). Det er derfor viktig å leggja til rette for erfaringsutveksling og gjensidig læring.

Kunstig intelligens krev at ein på ny tenkjer gjennom kva anerkjende forskingsetiske normer betyr. På forumet hadde me særleg fokus på korleis kunstig intelligens påverkar den delen av forskingsetikken som handlar om integritet i forskinga. Me inviterte m.a. Mohammad Hosseini, som deltok digitalt frå USA og snakka om korleis teknologien påverkar normer knytte til forfattarskap og tilvisingsskikk.
Webinar om kunstig intelligens
NENDE arrangerte to webinar om forskingsetikk og kunstig intelligens. Treng me godkjenning av KI-forsking? var spørsmålet som vart stilt 11. november. Innleiarar var Heidi Beate Bentzen (UiO), og Ellen-Marie Forsberg (NORSUS). Innlegga og diskusjonen omhandla både om me treng godkjenning, kvifor me treng det og korleis det kan organiserast. Det var ca. 70 påmelde til webinaret.
9. desember snakka Alessandro Gasparini (UiO), og Leonora O. Bergsjø (HiØ og UiA), om kva som er greitt og ikkje når det gjeld bruk av kunstig intelligens i forsking. Det deltok over 200 personar i webinaret. Innleiarane viste korleis KI påverkar heile forskingsprosessen, og trekte fram nokre hovudutfordringar m.a. knytt til data og til berekraft. Dei vektla at me må finna forsvarlege måtar å bruka KI på, og at forskarar må vera med på å forma praksis.
Andre møte med sentrale aktørar i forskingssystemet
FEK held dialog med aktørar i det norske forskingssystemet gjennom ulike møteplassar for erfaringsutveksling og debatt. FEK har i 2024 hatt fleire møte med sentrale aktørar i det norske forskingssystemet. Her følgjer eit lite utval:
- FEK har framleis ein dialog med Forskingsrådet om deira arbeid med forskingsetikk.
- FEK har delteke på møte i KD om innspel til forskingsmeldinga.
- FEK v/ komitear og utval har hatt ei rekkje institusjonsbesøk og dialog med forskargrupper.
- FEK har arrangert møte med Vitenskapsakademiet om erfaringar med forskingsetikklova, der representantar frå ni ærlegdomutval deltok. Fleire rapporterte om utfordringar med sentrale omgrepet i lova, som «plagiat» og «vitskapleg snusk».
- FEK v/ direktør deltok på fleire nettverksmøte med direktørane i Teknologirådet, Bioteknologirådet og Vitskapskomiteen for mat og miljø. Dette er nyttige samlingar for å diskutera overlappande arbeidsmåtar og moglege felles satsingar.
- FEK v/NEM har også i 2024 hatt eit godt og omfattande samarbeid med REK-systemet. I tillegg til Storfellesmøtet vart det avhalde to møte i arbeidsutvalet (AU) mellom REK og NEM.
- NEM har hatt møte med Statens helsetilsyn og Helse- og omsorgsdepartementet. Møtet gjaldt behov for ei klargjering av NEM og Helsetilsynet sine ansvarsområde.
I tråd med FEK sin strategi og Handlingsplan for internasjonalt arbeid, har FEK også delteke på ulike internasjonale møteplassar. Det er eit mål for FEK dei kommande åra å bidra i den globale utviklinga av forskingsetikk. Dette blir rekna for å vera ein grunnleggjande føresetnad for at FEK skal kunna vera ein ressurs for andre aktørar i det norske forskingssystemet og oppfylla dei andre måla sine.
- FEK har delteke på to møte med European Network of Research Integrity Offices (ENRIO). Dette er den viktigaste møteplassen for forskingsintegritet i Europa. I perioden 2022- 2028 er FEK v/ direktør Helene Ingierd medlem i ENRIOS styre. Sekretariatsleiar for Granskingsutvalget representerer FEK i Generalforsamlingen i ENRIO. Sekretariatsleiar i NESH er medlem av programkomiteen for ENRIO Congress som blir avvikla annakvart år (neste i 2025). Sekretariatet bidreg også gjennom deltaking og leiing av arbeidsgrupper.
- FEK deltok på World Conference on Research Integrity i Athen mai/juni 2024 med fleire posterar.
- FEK har delteke på møte i EUREC, det europeiske nettverket for forskingsetiske komitear innan medisin- og helsefag.
Vurdering
Møta i komitear og utval utgjer dei viktigaste møteplassane i FEK, i tillegg til møteplassane internt i sekretariatet. Kostnadene i FEK som ikkje er knytt dirka til lønn og drift, går i all hovudsak til å halda møte i komitear og utval og til å utbetala honorar til medlemmer.
Komitear og utval vurderer det framleis som mest formålstenleg at dei fleste møta blir haldne fysisk, som eit ledd i å sikra forsvarleg saksbehandling. Dei møteplassane som FEK arrangerer på fast basis blir generelt rekna som svært viktige for å etablera og halda oppe dialog med relevante aktørar. Møta våre treffer ulike målgrupper; i hovudsak dei som arbeider med forskingsetikk på institusjonane, i tillegg til forskarar; leiarar; nære samarbeidspartnarar og andre forskingsaktørar.
Styring og kontroll i FEK
FEK si overordna vurdering av styringa og kontrollen for verksemda
FEK jobbar systematisk med styring og kontroll i verksemda. Me har etablert ei tryggleiks- og beredskapsgruppe der tre av tolv tilsette deltek, høvesvis direktør, HR og økonomiansvarleg og personvernombod. Det er ei utfordring at sekretariatet består av få tilsette, medan det blir stilt omfattande krav til arbeidet med tryggleik.
Samfunnstryggleik og beredskap
Sekretariatet jobbar heilskapleg med tryggingsstyring. 25 % av dei tilsette har nøkkelroller i tryggingsarbeidet. FEK har eit styringssystem for tryggleik i samband med tryggleiks- og beredskapsarbeidet, som også er samordna med leiingssystem for informasjonstryggleik og verksemdsstyringa elles. FEK har kartlagt eigne verdiar og avhengnader i samband med tryggleiks- og beredskapsarbeidet. Kompetansen i sekretariatet er identifisert som ein av dei viktigaste verdiane. Storleiken på sekretariatet inneber ei sårbarheit når det gjeld spisskompetanse som er vanskeleg å erstatta. Me har ein kontinuitetsplan for bortfall av kompetanse, og har gjennomført viktige risikoreduserande tiltak knytte til notat av rutinar. Personopplysningar er også identifiserte som ein verdi som må vernast. FEK har stort søkjelys på gode rutinar på dette området og gjennomfører risikoreduserande tiltak som t.d. kompetanseheving og bevisstgjering av tilsette. Samtidig er det ei høg grad av medvit på dette området blant tilsette, då personvern er ein del av forskingsetikken.
Krise- og beredskapsplanverket i FEK omfattar beredskapsplan, inkludert pandemiplan, og ROS-analyse, som omfattar dei tre tryggingsområda samfunnstryggleik og beredskap, nasjonal tryggleik, og informasjonstryggleik og personvern. Beredskapsplanen og ROS-analysen for FEK vart gjennomgått og revidert våren 2024. Område identifiserte som dei med høgast risiko for verksemda er dataangrep, personopplysningar på avvegar og pandemi. FEK har derfor særleg fokus på risikoreduserande tiltak og handtering innanfor desse områda. FEK gjennomførte ei kriseøving hausten 2024 om omdømmetap etter hending med personopplysningar på avvegar. Dei viktigaste læringspunkta var at planverket vårt fungerer godt, og dei tilsette kjenner til dei viktigaste punkta, som kven som bør informerast og korleis ein omgåande bør handtera ein kritisk medieførespurnad. Det er viktig at medlemmer i komitear og utval blir godt orienterte om planane våre for mediekontakt og informasjonslinjer, og at me nyttar reelle situasjonar til læring både for tilsette og medlemmer.
Informasjonstryggleik og personvern
Informasjonstryggleik har med sikring av informasjon og informasjonsverdiar å gjera, uavhengig av om den er lagra digitalt eller ikkje. Eit systematisk og planmessig arbeid for å sikra informasjonsverdiane våre er ein sentral del av FEK sitt arbeid. Både interne og eksterne skal kunna stola på at FEK sikrar informasjon i alle former, og at informasjon ikkje blir kjend for uvedkommande (konfidensialitet)¸ikkje blir endra utilsikta eller av uvedkommande (integritet), og er tilgjengeleg ved legitimt behov (tilgjengelegheit), jf. Ledelsessystem for informasjonssikkerhet og personvern i FEK 2024. Å sørgja for at behandling av personopplysningar er i samsvar med personopplysningslova og anna relevant lovverk, er ein sentral del av forpliktingane til FEK. Eit systematisk og planmessig arbeid for å sikra at desse forpliktingane blir overhaldne i FEK er sentralt for å vareta rettane og personvernet til personar me behandlar opplysningar om, og for å vareta den tilliten FEK er avhengige av.
Vurderinga frå HK-dir. er at FEK har ei tilfredsstillande etterleving av dei krava som blir stilte i Kunnskapsdepartementets policy for informasjonstryggleik og personvern. FEK vil framover føra vidare det arbeidet som blir gjort, og følgje tilrådingar frå HK-dir.
Effektivisera konsulentbruken
FEK nytta ein konsulent frå Deloitte Advokatfirma AS, i eit avgrensa arbeid med forbetring og kvalitetssikring av personverndokumentasjon i 2024.
Lærlingar
FEK har vurdert moglegheita for lærlingar, men tekne i betraktning storleiken på verksemda har dette ikkje vorte gjennomført i 2024 .
Desentralisert arbeid
FEK har vurdert moglegheitene for desentralisert arbeid, men teke i betraktning storleiken og eigenarten for verksemda, er dette ikkje gjennomført.
Motverka arbeidslivskriminalitet
FEK følgjer lov og forskrift om offentlege anskaffingar og nyttar anskaffingsordningar via staten ved Difi der det er mogleg. Dette gjeld reiseavtale, anskaffing av kontorrekvisita, mobiltenester og datautstyr. Me gjennomfører anbod, også for mindre innkjøp.
FNs berekraftsmål
FEK skal bidra til at forskinga i Noreg er etisk god og ansvarleg. Forsking som skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer, er forsking som byggjer opp under berekraftsmåla. For å oppfylla den overordna målsetjinga, gir FEK råd til forskarar, forskingsinstitusjonar, styresmakter og andre om forskingsetiske spørsmål. Nokre av desse råda handlar eksplisitt om korleis forskinga kan skje i samsvar med forskingsetiske retningslinjer om berekraftig utvikling.
FEK har dei siste åra gått over til skybaserte system. Det inneber ei optimalisering av dokumentlagring som både er gunstig med tanke på personvern, og med tanke på ressursbruk. FEK vurderer nøye om det er behov for reiser. Ved planlegging av oppgradering av lokala FEK deler med Teknologirådet, er det lagt stor vekt på berekraft, mellom anna gjennom gjenbruk og kjøp av brukte kontormøblar.
Likestilling og mangfald
FEK ser på mangfald og inkludering som ein styrke, og me ønskjer at dei som arbeider hos oss skal spegla mangfaldet i befolkninga. Arbeidet for å styrkja likestilling og mangfald er forankra i strategien vår som gjeld for perioden 2021-2025. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er elles inkludert i resten av personalpolitikken.
Som offentleg instans, har FEK jobba mykje med å sikra ei universell utforming på nettsidene. Me jobbar også kontinuerleg med å vurdera om ressursane våre treffer målgruppene våre.
Arbeidet for likestilling og mot diskriminering på dei ulike personalområda kjem til uttrykk på ulike måtar i verksemda. Me gir utdjupande kommentarar på tre utvalde område her.
Personalområdet rekruttering
FEK ønskjer ein betre kjønnsbalanse enn det me har i dag, og vil retta merksemd mot korleis me kan rekruttera fleire menn i ARP-arbeidet for 2025. FEK har i fleire år hatt eit fleirtal av kvinneleg tilsette. Pr. 31. desember 2024 var det ti kvinner og to menn tilsette i sekretariatet. Ved rekruttering er eit av punkta ved utarbeiding av stillingsutlysing gjennomgang av kjønnsfordelinga i sekretariatet.
I 2024 hadde me to utlysingar. Me anerkjenner utfordringane våre knytte til rekruttering og kjønn, og vil halda fram med å vurdera fleire tiltak for å få ein meir mangfaldig søkjarmasse, inkludert mannlege søkjarar. Me ønskjer også å vurdera nærare korleis me kan rekruttera personar med hol i CV og funksjonsnedsetjing.
Tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetjing og eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring
Det var ingen tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetjing og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2024. Ved begge utlysingane FEK hadde i 2024, vart det vurdert om dei som hadde kryssa av for anten funksjonsnedsetjing eller hol i CV, var kvalifisert for innkalling til intervju. Ved ei av utlysingane vart derfor både ein kandidat med hol i CV og ein kandidat med funksjonsnedsetjing, innkalla til intervju.
Personalområdet moglegheit til å kombinera arbeid og familieliv
Arbeidsgivar legg opp til at FEK skal vera ein stad der det er god moglegheit til å kombinera arbeid og familieliv. Me har ein god seniorpolitikk, og tilsette held fram med å jobba etter at dei har fylt 67 år. Me legg vinn på å leggja til rette for arbeidstid tilpassa kvar enkelt, der det er mogleg. Avtale om heimekontor er med på å leggja til rette for praktiske utfordringar knytte til kombinasjonen arbeid og familieliv. I samsvar med avtalen tilsette kan inngå med arbeidsgivar, er det inntil to dagar med heimekontor i veka. Vidare praktiserer FEK fleksibel arbeidstid, også utover kjernetida som gjeld i staten.
Tabell 4. Personalområdet i FEK | ||
Tilstand for kjønnslikestilling | Menn | Kvinner |
Kjønnsbalanse | 2 | 10 |
Mellombels tilsette | 0 | 0 |
Tilsette i deltidsstillingar | 0 | 1 |
Foreldrepermisjon (gjennomsnittleg tal på veker) | 0 | 0 |
Gjennomsnittslønn fordelt på kjønn | 978 834 | 872 137 |
Kjønnsfordeling på ulike stillingsnivå/grupper (kjønnsforskjellar i tal) | Menn | Kvinner |
Seniorrådgivar | 0 | 6 |
Avdelingsleiar | 2 | 2 |
Rådgivar | 0 | 1 |
Direktør | 0 | 1 |
Tilsette som jobbar ufrivillig deltid (kjønnsskilnad i tal eller prosent | 0 | 0 |
Pengestorleiker i NOK
FEK har 12 faste tilsette. Kjønnsbalansen totalt i verksemda (tal): 10 kvinner og 2 menn i 2024.
Det er ingen kjønnsforskjellar når det gjeld kva tilsette som jobbar overtid. Alle tilsette har tenestetelefon. Alle tilsette med moglegheit for heimekontor får dekt breiband. I tillegg får alle tilsette dekt ei avis i samband med tenestleg behov og dessutan støtta til trening. Det er like lønns- og arbeidsvilkår for tilsette i sekretariatet. Me legg vinn på å leggja til rette for tilsette med spesielle behov og tilpassar utstyr og anna der det er nødvendig. I medarbeidarsamtalar er kompetanseutvikling eit fast tema.
Helse, miljø- og tryggingsarbeid
FEK arbeider systematisk med HMS, og har gått gjennom og oppdatert rutinane sine for internkontroll i 2024. Det vart gjennomført vernerunde i 2024. Direktør gjennomførte medarbeidarsamtalar med tilsette. Direktør, HR og tillitsvalde har i 2024 involvert sekretariatet for gjennomføring av ny medarbeidarundersøking. FEK nytta same undersøking som staten elles: Medarbeidarundersøkinga i staten, MUST. Denne vart gjennomført i mai 2024. Resultata låg føre kort tid etter og vart følgt opp ved at både tillitsvalde, verneombod og medarbeidarar vart involverte i forståinga av resultata og oppfølginga av undersøkinga. Det vart sett av god tid og ressursar til gjennomføring av oppfølgingsarbeidet.
Sekretariatet i FEK har utarbeidd eit sett med verdiar. Målsetjinga er at verdiane skal vera ei rettesnor i arbeidet vårt og i relasjonane våre vidare framover. Dei skal vurderast og diskuterast med jamne mellomrom og takast opp på medarbeidarsamtalar. Dette for å leggja til rette for diskusjonar om kva som utgjer ein trygg og inkluderande arbeidsplass, som ledd i eit kontinuerleg arbeid for godt arbeidsmiljø i FEK. Verdiane i FEK er:
Engasjerte. Me ønskjer å bidra til samfunnsoppdraget vårt.
Kunnskapsrike. Me bidreg til utviklinga av fagfeltet forskingsetikk nasjonalt og internasjonalt, og leverer arbeid med høg kvalitet.
Trygge. Me skaper rom for mangfald gjennom respekt for kvarandre, og byggjer ein kultur prega av samhald og tillit.
Opne. Me er inkluderande, tilgjengelege og deler kunnskap.
Vurdering av framtidsutsikter
Det er svært positivt at det stadig er høg merksemd om feltet forskingsetikk nasjonalt og internasjonalt. I Noreg ser me at forskingsetikklova har hatt ein positiv verknad ved at forskingsinstitusjonane får fleire system på plass for å handtera arbeidet med forskingsetikk. Gjennom dialog og førespurnader, opplever me at det går føre seg mykje godt arbeid.
Det vil framleis vera eit stort behov for rettleiing knytt til krava i lova. Tendensen til fleire skuldingar om moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer på institusjonane og på nasjonalt nivå har halde fram, og me forventar at utviklinga held fram. Når sanninga er under press, vil skyldingar om falsk forsking og forsøk på undergraving av forsking, kunne vera eit maktmiddel me må vera merksame på. Me må forventa å måtta handtera fleire urettmessige skuldingar om vitskapleg ureielegheit. Til saman inneber dette fleire oppgåver for FEK og auka press på sekretariatet.
Internasjonalt, leiar den politiske utviklinga til auka press på demokratiske verdiar, akademisk fridom og press på grunnleggjande forskingsetiske normer knytte til sanningssøken, openheit og sjølvstende. Risikoen for utidig innblanding i forskinga er mindre i veletablerte demokrati, men dei seinare åra har me også sett angrep på den akademiske fridommen i mange europeiske land. I USA er me no klare tendensar til at tema som ikkje passar den politiske dagsordenen ikkje får finansiering. Mykje er usikkert med samfunnsutviklinga framover og korleis dette påverkar arbeidet med forskingsetikk.
Internasjonalt, leiar den politiske utviklinga til auka press på demokratiske verdiar, akademisk fridom og press på grunnleggjande forskingsetiske normer.
Utviklinga understrekar betydninga av at alle aktørar i forskingssystemet vernar og fremjar dei grunnleggjande prinsippa og normene i forskinga. Me håpar at den kommande forskingsmeldinga, skal bidra til integritet i det norske systemet. Me må også ha ein open debatt om truslane og korleis dei best kan møtast. Det forskingsetiske systemet i Noreg er rigga for å førebyggja og informera, gi råd og gjera vedtak om forskingsetiske spørsmål og handtera truslar som gjeld fusk og snusk i forsking. Systemet kan ikkje på same måte handtera truslar om moglege brot på akademisk fridom. Me i FEK vil støtta kollegaer i land der truslane no er tydelege, mellom anna gjennom arbeidet i ENRIO og WCRI, der me skal halda fram med å vera aktive.
Årsrekneskap
For heile rekneskapen, sjå årsrapporten som pdf.
Stadfesting
Årsregnskapet er avlagt i samsvar til føresegner om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 fra Finansdepartementet og Årsrekneskapen er avlagd i samsvar med føresegner om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i verksemds- og økonomiinstruksen for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK). Me meiner rekneskapen gir eit dekkjande bilete av FEK sine disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. Prinsippnote ligg ved årsrekneskapen.
Riksrevisjonen gjennomfører revisjon av Dei nasjonale forskingsetiske komiteanes rekneskap. Frå 01.januar 2024 gjekk FEK over til rekneskapsføring etter Statlege rekneskapsstandardar (SRS).
Prinsippnote til årsrekneskapen
Virksomhet: Dei nasjonale forskingsetiske komiteane Organisasjonsnummer: 999 148 603
Årsrekneskapar for statlege verksemder er utarbeidde og avlagde etter nærare retningslinjer fastsette i føresegner om økonomistyring i staten («føresegnene»). Årsrekneskapen er i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.4.1, nærare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2023 og eventuelle tilleggskrav fastsett av overordna departement.
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:
a) Rekneskapen følgjer kalenderåret
b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret c) Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp d) Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet
Oppstillingene av løyvings- og artskontorapportering er utarbeidd etter dei same prinsippa, men gruppert etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krav i føresegnene punkt 3.5 til korleis verksemdene skal rapportera til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane.
Verksemda er tilknytt konsernkontoordninga i staten i Noregs Bank i samsvar med krav i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder blir ikkje tilførte likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Ved årets slutt blir saldoen nullstilt på kvar enkelt oppgjerskonto ved overgang til nytt år.
Løyvingsrapporteringa
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser behaldningar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som verksemda har rapportert til statsrekneskapen. Det blir stilt opp etter dei kapitla og postar i løyvingsrekneskapen verksemda har fullmakt til å disponera. Kolonnen samla tildeling viser kva verksemda har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrev for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle finansielle eigedelar og forpliktingar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen til staten. Mottekne fullmakter til å belasta ei anna verksemds kapittel/post (belastningsfullmakter) blir ikkje vist i kolonnen for samla tildeling, men er omtalt i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene knytte til mottekne belastningsfullmakter er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen, og blir vist i kolonnen for rekneskap.
Tekne belastningsfullmakter er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men blir ikkje bokførte og rapporterte til statsrekneskapen frå verksemda sjølv. Tekne belastningsfullmakter blir bokførte og rapporterte av verksemda som har fått belastningsfullmakta og blir derfor ikkje viste i kolonnen for rekneskap. Dei tekne fullmaktene kjem fram i note B til løyvingsoppstillinga.
Artskontorapporteringa
Oppstillingen av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapporterte til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal verksemda har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Verksemda har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og derfor ikkje viste som inntekt i oppstillinga.
Prinsippnote - SRS
Generelt
Rekneskapen for verksemda er sett opp i samsvar med gjeldande SRS.
Anvende rekneskapsprinsipp
Opningsbalanse
FEK har teke i bruk dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) og avlegg årsrekneskapen etter desse standardane for første gong i 2024.
Som ei følgje av overgangen til SRS er det ikkje utarbeidd samanlikningstal for resultatoppstillinga og notar som viser til resultatoppstillinga.
Ved utarbeiding av opningsbalansen er immaterielle eigedelar og varige driftsmiddel verdsette til gjenanskaffingsverdi eller verkeleg verdi. Finansielle anleggsmidlar er verdsette til verkeleg verdi.
Gjenanskaffingsverdi for ein eigedel er det beløp det vil kosta dersom eigedelen skulle skaffast i dag, vurdert til same kvalitet, standard og funksjonalitet som eksisterande eigedel.
Omløpsmidlar er verdsette til gjenanskaffingsverdi eller verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld er verdsett til pålydande.
Transaksjonsbaserte inntekter
Transaksjonar resultatføres til verdien av vederlaget på transaksjonstidspunktet. Inntekt resultatføres når ho er opptent. Inntektsføring ved sal av varer skjer på leveringstidspunktet der overføring av risiko og kontroll er overført til kjøpar. Sal av tenester blir inntektsført i takt med utføringa.
Inntekter frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar
Inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar resultatføres etter prinsippet om motsett samanstilling. Dette inneber at inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar resultatføres i takt med at aktivitetane som blir finansierte av desse inntektene blir utførte, det vil seia i same periode som kostnadene kjem (motsett samanstilling).
Kostnader
Utgifter som gjeld transaksjonsbaserte inntekter blir kostnadsført i same periode som tilhøyrande inntekt.
Utgifter som blir finansierte med inntekt frå løyving og inntekt frå tilskot og overføringar, blir kostnadsførte i same periode som aktivitetane er gjennomførte og ressursane er forbrukte.
Pensjonar
SRS 25 Ytingar til tilsette legg til grunne ei forenkla rekneskapsmessig tilnærming til pensjonar. Statlege verksemder skal ikkje balanseføra netto pensjonsforpliktingar for ordningar til Statens pensjonskasse (SPK).
Verksemda resultatførar arbeidsgivardel av pensjonspremien som pensjonskostnad. Pensjon blir kostnadsført som om pensjonsordninga i SPK var basert på ein innskotsplan.
Frå 2022 har SPK lagt om pensjonspremiemodellen for statlege verksemder. Frå 1. januar 2022 betaler verksemda ein verksemdsspesifikk hendingsbasert arbeidsgivardel som del av pensjonspremien. At premien er verksemdsspesifikk, betyr at han blir berekna ut frå kvar enkelt verksemds forhold, ikkje for grupper av verksemder samla. At den er hendingsbasert, betyr at ho tek omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden i verksemda, slik at premiereserven er ajour i forhold til oppteninga til medlemmen. Medlemsandelen på to prosent av lønnsgrunnlaget er uendra.
Bruttobudsjetterte verksemder har ei forenkla praktisering av prinsippet om motsett samanstilling ved at inntekt frå løyvingar blir berekna som differansen mellom kostnadene i perioden og tente opp transaksjonsbaserte inntekter og eventuelle inntekter frå tilskot og overføringar til verksemda. Ein konsekvens av dette er at resultat av aktivitetane i perioden blir null.
Leigeavtalar
Verksemda har valt å nytta forenkla metode i SRS 13 om leigeavtalar og klassifiserer alle leigeavtalar som operasjonelle leigeavtalar.
Klassifisering og vurdering av anleggsmiddel
Anleggsmidlar er varige og store eigedelar som blir disponerte av verksemda. Med varige eigedelar siktar ein til eigedelar med utnyttbar levetid på 3 år eller meir. Med store eigedelar blir eigedelar forstått med anskaffingskost på kr 50 000 eller meir. Anleggsmiddel er balanseførte til anskaffingskost trekt frå avskrivingar.
Kontorinventar og datamaskiner og anna IKT-utstyr med utnyttbar levetid på 3 år eller meir er balanseført som eigne grupper.
Varige driftsmiddel blir nedskrivne til verkeleg verdi ved endra bruk eller utnytting, dersom verkeleg verdi er lågare enn balanseført verdi.
Eigenutvikling av programvare
Kjøp av bistand til utvikling av programvare er balanseført. Bruk av eigne tilsette til utvikling av programvare er kostnadsført.
Investering i aksjar og andelar
Investeringer i aksjar og andelar er balanseførte til kostpris på anskaffingstidspunktet. Investeringar i aksjar og andelar er vurderte til lågaste verdi av balanseført verdi og verkeleg verdi. Dette gjeld både langsiktige og kortsiktige investeringar. Motteke utbytte og andre utdelingar er inntektsførte som anna finansinntekt.
Klassifisering og vurdering av omløpsmidlar og kortsiktig gjeld
Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eitt år etter anskaffingstidspunktet. Andre poster er klassifisert som anleggsmidlar/langsiktig gjeld.
Omløpsmidlar blir vurderte til det lågaste av anskaffingskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet.
Behaldning av varer og driftsmateriell
Behaldningar omfattar varer for sal og driftsmateriell som blir nytta i eller utgjer ein integrert del av den offentlege tenesteytinga for verksemda. Innkjøpte varer er verdsette til anskaffingskost ved bruk av metoden først inn, først ut (FIFO). Behaldningar av varer er verdsette til det lågaste av anskaffingskost og netto realisasjonsverdi. Behaldningar av driftsmateriell er verdsette til anskaffingskost.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er oppførte i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap blir gjord på grunnlag av individuelle vurderingar av kvar enkelt fordring.
Valuta
Pengepostar i utanlandsk valuta er vurdert til kursen ved slutten av rekneskapsåret. Her er Noregs Banks spotkurs per 31.12. lagt til grunn. Kapitalen til staten Statens kapital utgjer nettobeløpet av eigedelane og gjelda for verksemda, og kjem fram i rekneskapslinja for avrekningar i balanseoppstillinga. Bruttobudsjetterte verksemder presenterer ikkje konsernkontoane i Noregs Bank som bankinnskot. Konsernkontoane inngår i rekneskapslinja avrekna med statskassa.
Statlege rammevilkår
Selvassurandørprinsipp
Staten opererer som sjølvassurandør. Det er følgjeleg ikkje inkludert poster i balanse eller resultatrekneskap som søkjer å reflektera alternative netto forsikringskostnader eller forpliktingar.
Konsernkontoordninga i staten
Statlege verksemder blir omfatta av konsernkontoordninga i staten. Konsernkontoordninga inneber at alle innbetalingar og utbetalingar dagleg blir gjorde opp mot oppgjerskontoane for verksemda i Noregs Bank.
Verksemda blir ikkje tilført likvidar gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. For bruttobudsjetterte verksemder blir saldoen nullstilt på kvar enkelt oppgjerskonto i Noregs Bank ved overgang til nytt rekneskapsår.